Arnt A. Wærnes er død

Gründeren og politikaren Arnt A. Wærnes døydde natt til tysdag etter ei tid med sjukdomsproblem. Det melder Tidens Krav. – Med Arnt A. Wærnes sin bortgang er ein bauta i oljebyen Kristiansund borte, skriv avisa. Wærnes bygde opp familiebedrifta Oss-nor og Benor, som er det største industriføretaket i Kristiansund. Wærnes var politisk aktiv for KrF. I perioden 2001–2005 var han vararepresentant på Stortinget.

Styreleder i OssNor, Arnt Wærnes.
Foto: OssNor