Hopp til innhold

– Eg kan ikkje tru at eg har fått synet tilbake

Ein augeoperasjon har gitt 85 år gamle Arne Forsland eit heilt nytt liv. Han har vore svaksynt sidan 1945. – Då eg vakna på sjukehuset trudde eg legane hadde måla hendene mine med noko svart. Det var berre hår som eg aldri har sett før, seier Forsland.

Jenny og Arne Forsland

Arne Forsland var avhengig av at Jenny las lokalavisa og Bibelen, men no ser han bokstavane heilt tydeleg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Arne Forsland

Arne Forsland turte ikkje operere auget og gjekk difor i mange år med svært dårleg syn.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Brillene til Arne Forsland var tjukke som colaflaskebotnar. Eit syn på minus 12 gjorde at 85-åringen nesten var handikappa. Han måtte vakte seg for kvart steg han tok, fordi han ikkje såg. Men det var før.

– No kan eg lese alt eg vil, seier Arne Forsland frå Brattvåg. Han sit ved kjøkkenbordet og oppdaterer seg på lokalavisa medan kona Jenny strikkar ein kjole til barnebarnet.

Ny kvardag

I mange år har ho måtte lest både avisa og Bibelen i høgt for Arne. Men 10. desember i fjor fekk begge ein ny kvardag. Arne bestemte seg endeleg for å takke ja til tilbodet om operasjon for grå stær.

– Eg var så redd for å bli blind, forklarer Arne. No går han på kafe og kjenner igjen folk som helsar, utan å måtte gå kloss inntil dei.

Vart blind som tenåring

85- åringen har hatt dårleg syn sidan han var liten, og på den tida var det ikkje vanleg med briller. Berre 17 år gamal vart han operert for grå stær på venstre auge. Like etterpå skjedde det ei ulukke på garden, og han vart blind på det same auget.

– Eg skulle hjelpe til å ta opp poteter, då netthinna losna, fortel Arne.

Synet vart verre

Det at han ikkje har syn på eine auget, gjorde at han vart livredd for å operere det andre. Han ville bevare det vesle han hadde att. Men med åra vart synet på høgreauget stadig verre, og til slutt fekk legen gjennomslag for å operere. Det skulle vise seg å bli ein suksess. Arne merka resultatet med det same.

– Då eg vakna etter operasjonen, spurte eg Jenny kva svartfarge dei hadde grisa til hendene mine med. Men det var berre hår som eg ikkje har sett før, ler Arne.

Han vart også overraska over å sjå Jenny heilt klårt. At ho var gråhåra var han klar over, men ikkje at litt av den mørke fargen frå gamledagar var att innimellom det gråe.

Ein ny mann

Arne Forsland

Arne Forsland har ikkje kunne gjort husarbeid som svaksynt, men no er støvsugaren flittig i bruk.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Sjølv har Jenny fått ein ny mann etter operasjonen, som kan hjelpe til med husarbeidet.

– Det er heilt fantastisk. No kan han både støvsuge og dekke på bordet. Han ser også alt han ikkje skal sjå, ned til det minste støvkorn, skrattar Jenny.

Ho er heller ikkje redd for at han skal stupe ned trappa fordi han ikkje ser trappetrinna.

Angrar på at han venta

Arne sjølv angrar på at han ikkje opererte før. Hadde han visst at det ville gå så bra, hadde han gjort det for mange år sidan.

– Ein gong var eg så nær operasjon at sjukepleiaren stod klar med bedøvelsen. Men eg frykta at eg aldri meir ville få sjå alt det fine i naturen og kutta det ut, seier Arne.

No ventar han berre på at våren skal kome, slik at han får gå i fjellet og syge inn alle inntrykk.

– Det er godt å kunne sjå att, seier Arne Forsland.

Burde ha operert tidlegare

Overlege ved sjukehuset i Ålesund, Geir Hanken vert både glad og trist over å høyre at Arne Forsland har fått eit nytt liv.

– Eg vert glad på hans vegner at det endeleg har skjedd. Men det triste er at han unødig har gått med dårleg syn i så mange år, seier Hanken.

Å fjerne grå stær er ein av dei vanlegaste operasjonane på augeavdelinga, og dersom auget elles er friskt, vil resultatet av ein operasjon oftast vere svært godt.

Kan ikkje trylle

Hanken trur at ein del eldre har ei oppfatning om at det er betre å vente med operasjon, men det beste er å ta grå stær relativt tidleg. Det er likevel ikkje alle som vil ha like stor nytte av ein operasjon. Dersom ein pasient berre har litt grå stær i kombinasjon med ein annan augesjukdom, vil betring av synet ikkje vere like merkbart.

– Vår utfordring er å dempe forventningane til dei som trur vi kan trylle, og til slike som Arne er utfordringa å ta bort irrasjonell frykt, seier Hanken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL