Kommunen bestemte seg for å utsette avgjerda om kva dei gjer vidare med hamneplanane etter eit møte med arkeologane i dag.
Arkeologar har avdekt to graver som kan vere over 2000 år gamle.
Funna kan gjere at kommunen må endre utbyggingsplanane.
Utgravingsområdet ved havna er frigitt og kommunen kan derfor bestemme kva den vil gjere med kulturminnet. Men viser det seg at grava, som kan stamme fra yngre jarnalder, altså 1000 - 500 år før Kristus, inneheld verdifulle funn, blir det endringar i hamneplanane.
I morgon åpnar arkeologane grava. Da vil dei sjå kva ho skjuler, og forsker Asle Bruen Olsen er glad for at dei no får tid til gå gjennom grava skikkeleg.