NRK Meny
Normal

Arkeologane finn kulturminne utan å grave

Det kan vere store summar å spare på vegutbygging med bruk av georadar for å finne fornminne i staden for å grave.

Lars Gustavsen ved georadaren

Lars Gustavsen trur georadaren får mykje å gjere i Romsdalen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

På Nordøyvegen og Møreaksen går det millionar til arkeologi, men dersom forsøka med georadaren blir ein suksess, er det både pengar og tid å spare.

Og for arkeologane blir dette mest som å grave etter gull på ein ny og meir effektiv måte.

Prøveprosjekt

Arkeolog Kristoffer Dahle i kulturminneavdelinga i fylket er spent på erfaringane med forskingsprosjektet «Arkeologi i vegen». Dette blir no prøvd på E 136 i Romsdalen.

Arkeolog Kristoffer Dahle

Kristoffer Dahle er spent på om det arkeologiske arbeidet kan bli effektivisert.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– No blir det strekninga frå Marstein til Flatmark som kjem i neste omgang. Vi skal avklare forholdet til kulturminne langs heile traseen. Vanlegvis brukar vi gravemaskin i område med dyrka mark. Men finn vi kulturminne på denne måten er det veldig interessant, seier Dahle.

Arkeologane har vore på Marstein, og der blei det avdekt fleire gravrøyser. Dei avslutta der i går men skal tilbake til området.

Norsk institutt for kulturminneforsking står bak prosjekt, i samarbeid med Statens vegvesen og Vegdirektoratet. Målet er vurdere nye registreringsmetodar opp mot dei meir konvensjonelle får å sjå om det let seg gjere å effektivisere registreringa av kulturminne.

Georadar i staden for gravemaskin

– Det er spanande å sjå kor mykje ein georadar kan avlaste oss, og kor mykje georadaran finn som vi finn tradisjonelt, eller kva finn den ikkje.

Dahle er også spent på korleis georadaren reagerer på til dømes ulike grunnforhold. Den fungerer på sett og vis som eit ekkolodd på land, ved at den sender radarsignal ned i bakken. På det viset kan den finne strukturar og konstruksjonar under bakken, og fortelje fagfolka kva som er under torva.

Planprosjektleiar Rolf Hamre

Planprosjektleiar Rolf Hamre tenker nok på at «tid er pengar».

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Dei siste vekene har altså ei rekke arkeologar vore i arbeid i i feltet for Romsdalen, og er i samband med arbeidet med å finne kvar nye trasear for E 136 gjennom dalen skal gå.

Rolf Hamre, som er planprosjektleiar for dette arbeidet, seier utfordringane står i kø. Når han står på Skirimoen så er både elva og vegen verna, samtidig som det skal på plass både ny veg, ny jernbaneline og ein ny undergang.

Samarbeid

Vegbygging krev nært samarbeid med arkeologar. Håpet er at georadaren skal avdekke ting tidlegare enn til no, og gjere planlegginga og arbeidet meir føreseieleg.

– Vi granskar tredimensjonale databilda frå georadaren, og slik kan vi leite etter kulturminne. Som gravhaugane vi avdekte på Marstein, fortel Lars Gustavsen, geolog ved Norsk institutt for kulturminneforsking.

Bilde frå georadaren

Slik kan bilde frå georadaren sjå ut.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Og det er ikkje tilfeldig at prøveprosjektet går føre seg i Romsdalen.

– Dette har i alle tider vore eit spanande område der vi har mange rike funn, fortel Dahle, som har vore med å velje ut områda i Romsdalen med størst arkeologisk interesse.

Han ser fram til at dette området skal bli nærare undersøkt, for så langt har dei bokstaveleg tala berre skrapa i overflata.

– På dei fleste gardane veit vi at det har vore busetjing tre-fire tusen år tilbake i tid, men vi veit lite om omfanget. Berre ein liten del er undersøkt, men no kan vi få eit betre omgrep om størrelsen på denne busetjinga.