Hopp til innhold

Årets nyttårsbarn blei fødd i Kristiansund søndag morgon

Guten Khnan som blei fødd i Kristiansund like etter klokka seks søndag morgon er årets nyttårsbarn i Møre og Romsdal.

Årets nyttårsbarn

Guten Khnan blei fødd på Kristiansund sjukehus søndag morgon.

Foto: privat

Den stolte førstegongsfaren seier at guten kom til verda klokka 6.12 på Kristiansund sjukehus. Då var han 3820 gram og 53 centimeter.

Både han og kona kjem opphavleg frå Afghanistan og namnet til den vesle guten kjem også derifrå.

Overvelda over å ha blitt far

Årets nyttårsbarn 2016

Denne vesle guten heiter Khnan, som er eit afghansk namn.

Foto: privat

24-åringen kom til Kristiansund for over 14 år sidan, medan kona kom for eitt år sidan. Han har også foreldra sine i byen, ein bror og to systrer.

Førstegongsfaren syns det er vanskeleg å skildre kor mykje det betyr å ha fått ein son.

– Det er heilt fantastisk, kan ikkje seiast med ord, det må opplevast, seier Sohail Kohi.

Årets nyttårsbarn i Noreg var også ein gut, heiter Felix og blei fødd i Sarpsborg.

Få fødslar i fylket

Ved dei tre andre sjukehusa i fylket har det vore stille rundt årsskiftet. I Molde var den siste fødselen natt til fredag, i Volda var det fredag, i Ålesund laurdag. Berre i Kristiansund var det ein som ville til verda rundt årsskiftet.

– Det blei ikkje mykje feiring, men mest smerter for frua, seier Kohi og legg til at dei var på sjukehuset heile nyttårsaftan.

Då gutungen kom blei det feiring, lell.

Les også: