Hopp til innhold

Årets høgdepunkt

Denne helga har 165 utviklingshemma storkosa seg i Molde med alt frå bowling og linedance til fotokurs og riding.

Anne Marie Nilsen frå Ålesund er på bowlingkurs.

Anne-Marie Nilsen frå Ålesund på bowlingkurs.

Foto: Anne-Marie Bakke

Det starta så smått i 1973 med idrettsleikar for utviklingshemma. I 1994 endra dei det årlege arrangementet til å bli ei kulturhelg for denne gruppa.

- Arrangementet er truleg den største kulturmønstringa for utviklingshemma i heile landet, seier Anne-Marie Bakke i NFU.

Viktig møteplass

Ho seier kulturhelga er årets høgdepunkt for mange, og ein særs viktig arena å møte nye vener på, eller å halde kontakten med gamle. Det er også ein fin møteplass for familar til personar med utviklingshemming.

Trommekurs under kulturhelga for utviklingshemma

Trommekurs under kulturhelga for utviklingshemma.

Foto: Anne-Marie Bakke

Med ledsager er det totalt 300 personar med på arrangementet, som i hovudsak består av kurs og turar. Søndag er det Rosemarsjen. I tillegg har det vore stor oppslutning om ein opplevingsdag på Skaret, der det har vore hesteriding til lands, og roing til sjøs.

Breitt tilbod

Utover dette har det vore i kurs i bowling, boccia, lysestøyping, internasjonal folkedans, linedance, fotografering og trommekurs.

- Å meistre noko nytt gir stor sjølvkjensle. I tillegg er det å få eit så breitt kurstilbod viktig. Dette er ofte tilbod denne gruppa dessverre ikkje har i det daglege, seier Bakke.

Kulturhelg i Molde for utviklingshemma i heile fylket.

Marit Lorgen, Anne-Marie Nilsen og Lasse Silnes.

Foto: Anne-Marie Bakke