NRK Meny
Normal

Fredriksen: – Vi scorar nokre fantastisk flotte mål

Aalesund sikra den første trepoengaren for året med 3–1 over Lillestrøm. Ein glimrande Aron Thrandarson stal delar av showet med ei kunstpasning før 2-0-målet.

Feiring etter 2-0

Aron Thrandarson spring mot målscorar Lars Veldwijk etter at 2–0 hadde blitt banka i nettet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

AaFK hadde køyrt store delar av første omgang, men mange sjansar hadde likevel berre resultert i éi scoring. Ei storslått pasning enda i 2–0.

For i det 44. minutt gjekk Aalesund-spiss Lars Veldwijk på løp. Aron Thrandarson var vaken og spelte ei høg pasning perfekt i bakrom, rett på skorne til Veldwijk, som enkelt kunne runde LSK-keeper Arnold Origi og sette ballen i mål.

– Det var ei nydeleg pasning frå Aron og eg scora eit fint mål, seier spiss Veldwijk til NRK etter kampen.

Aalesund-jubel

Aalesund-spelarane jublar etter at midtstoppar Daniel Gretarsson stonga inn 1–0 etter berre fem minutt.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Scoringa kom på eit svært gunstig tidspunkt, like før pause, men også 1-0-scoringa kom på eit svært godt tidspunkt. Ei frekk Thrandarson-pasning til Vebjørn Hoff resulterte i corner, som igjen resulterte i scoring.

Fredrik Carlsen svinga inn der ein råsterk Daniel Gretarsson stonga inn 1–0 for dei oransje og blå.

– Eg scora nokre mål i oppkøyringa og å endeleg få ei scoring i eliteserien kjennest veldig godt, seier Gretarsson.

Tredje for Mos

Lillestrøm-trenar Arne Erlandsen gjorde to bytte i pausen, men berre fire minutt ut i andre halvdel kom 3–0.

Mustafa «Mos» Abdellaoue hadde scora to av AaFK sine tre mål før møtet med LSK, og i det 49. minutt kom den tredje for Mos. Edwin Gyasi la ein frekk stikkar i bakrom, før Mos enkelt sette 3–0 i nettet.

– Det er ei perfekt pasning. Han skjer innover, eg tek motsett løp og så sett eg den i mål på første, sa Mos til Eurosport etter kampen.

Spenning etter redusering

Arne Erlandsen

LSK-trenar Arne Erlandsen var svært skuffa etter 3-1-tapet.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Utover i andre omgang mista AaFK litt grepet om kampen, og sakte, men sikkert overtok LSK. Etter 72. minutt kom reduseringa.

Ei kontring enda med at Erling Knudtzon fekk svinga inn framfor mål, der Tomas Malec plasserte ballen i mål til 3–1.

Det fysisk sterke bortelaget pressa på det siste kvarteret, men trass i fleire hjørnespark og frispark enda det 3–1 på Color Line Stadion.

– I dag taper vi fortent. Vi skaper nok, men slepper Aalesund til for mykje. Scoringane kjem på verst tenkjeleg tidspunkt, seier Erlandsen.

– Vi har ikkje komme veldig langt i sesongen, men tre kampar utan siger er tungt. Endeleg vann vi! Vi er gode og viser at vi er betre enn Lillestrøm og scorar nokre fantastisk flotte mål, seier AaFK-trenar Trond Fredriksen til NRK.

Laster innhold, vennligst vent..