Hopp til innhold

Årets første for Hødd

Endeleg vann Hødd ein kamp i 1.divisjon. På det 15.forsøket vart det tre poeng, men Hødd er framleis håplaust sist på tabellen.

Erik Brakstad har hatt stor suksess i Hødd som trenar tidlegare. Han førte laget til Tippeliga midt på 90-talet, og var trenarvikar også i 2001-sesongen då han tok over for Hallstein Saunes.

No er Brakstad tilbake i Stig Monsen sitt fråver, og på tredje kamp med ansvaret vart det siger. 2-0 over Manglerud/Star var ikkje eit mål for mykje. Hødd produserte mange store sjansar, men det vart berre med to kjappe midtvegs i 1.omgang.

 

Først scora Anders Vaagen. Han var først uheldig, så heldig då keeper skaut ballen i ansiktet på han og deretter trilla i mål. Like etter var leigesoldat Knut Hovel Heiaas innom 16-meteren og sette inn 2-0. Ingen av dei rundt 1000 på Høddvoll trudde vel heilt på siger trass i tomålsleiing, men M/S hadde lite å by på offensivt. I tillegg spelte keeper Øystein Vik Myklebust ein god kamp for heimelaget.

Bomma på straffe

Etter pause hadde Hødd fleire store sjansar. Verst var det då kaptein og MR.Hødd, Andre Nevstad, bomma på straffespark. Det andre straffesparket på rad Hødd har missa på. Nevstad med 630 A-kampar for Hødd skaut til venstre for keeper, men skotet var for svakt og for dårleg plassert. Likevel kunne Hødd kontrollere inn tre poeng.

Seks poeng

Hødd dobla med dette poengsummen frå tre til seks poeng, men det er åtte poeng opp til trygg plass. Hødd må truleg ha rundt 28 poeng i alle fall for å stå. Med 45 poeng til å kjempe om må altså Hødd ha minst 22 av desse. Det er sjølsagt ikkje umuleg, men svært vanskeleg. Ikkje minst når Hødd no i tur og orden skal møte lag som Strømsgodset, Bryne, Bodø/Glimt og Kongsvinger.