Hopp til innhold

Kjem for å fryse og sjå nordlyset

Engelskmennene som fredag gjekk i land i Ålesund har kledd seg godt med luer og tjukke jakker, og rynkar ikkje på nasen over minusgrader og kald sol. Dei jaktar på snø og nordlys.

John Gallaga

John Gallaga bryr seg ikkje om han frys. Han jaktar på snø, kulde og nordlys og reiser gjerne til Noreg i februar.

Foto: Synnøve Hole

Med tjukke luer, solbriller og vottar kom årets første cruiseturistar til Ålesund fredag morgon. På formiddagen er det fem grader, litt vind og kald sol, men det skræmer ikkje dei som kom i land.

Linne og George Pembroke

Linne og George Pembroke frå Essex nektar for at dei frys i Noreg i februar. Også dei jaktar på nordlyset.

Foto: Synnøve Hole

Det er kaldt i England også, det betyr ingenting, seier Linne Pembroke frå Essex i England.

Ho og ektemannen feirar rubinbryllaup, og no jaktar dei på nordlyset. Og nektar for at dei frys.

Nei, det gjer vi ikkje. Det var minus ein grad då vi reiste heimanfrå også, så det er likedan. Eg sveittar faktisk, seier fru Pembroke.

Årets sesong i gang

Årets første cruiseanløp

Tidleg i formiddag kom årets første cruiseskip til Ålesund.

Foto: Alf-Jørgen H. Tyssing / NRK

Nokså nøyaktig klokka ni i dag tidleg klappa MS Magellan til kai i Ålesund. Med det er årets cruisesesong i gang i Ålesund - og i Noreg.

Skipet, som no kom frå Amsterdam, er bygd i 1985 ved Aalborg Verft i Danmark. Eigar er britiske Cruise Maritime & Voyages. Tidlegare har MS Magellan seglt under namna Holiday og Grand Holiday.

Jaktar på snø og frost

Vinterturismen i Noreg har tatt seg opp dei siste åra. Sjølv om dei fleste framleis kjem i sommarmånadene, er det stadig fleire som også kjem i dei kaldaste månadene.

– Eg vil sjå nordlyset og Nordpolen. Det er lite snø og frost heime, så det er berre flott å oppleve det her, seier John Gallaga.

– Men ville det ikkje vere betre å kome hit i juni, juli eller august?

– Eg har vore her i juni, juli og august. No ville eg gjerne sjå korleis det er i nord om vinteren, seier han.

Orkan og OL

Det har ikkje berre vore cruiseskip, for under orkanen Katrina for vel 10 år sidan blei det brukt som mellombels bustad for offera. Under vinter-OL i 2014 blei skipet forvandla til eit firestjerners flytande hotell.

Anita Nøring i Ålesund turistinformasjon

Avdelingsleiar Anita Nøring tok i mot det første av over 114 cruiseskip.

Foto: Jon-Arne Akselsen / NRK

MS Magellan har eit mannskap på 660, men ikkje minst har det med seg 1250 gjestar. Dei tok avdelingsleiar Anita Nøring ved Ålesund turistinformasjon vel imot.

– Vi deler ut kart, informasjon og gir tips om kva dei skal finne på i byen.

Over 200 000 i år

Dette er berre den første av ei lang rekke cruiseanløp denne sesongen. For i år har Ålesundregionens hamnevesen førebels avtalt 114 anløp med til saman over 200 000 passasjerar.

Det som møter dagens passasjerar kan vere noko vind, og kanskje litt nedbør.

– Dei er som regel godt førebudde på vêret, og er ikkje det dei er mest opptatte av. Passasjerane er opptatte av nordlyset, når det let seg gjere å sjå. Elles er det arkitektur og jugendstilen vi prøver å vise dei i Ålesund, seier Nøring.

Vinterturistar på cruise til Noreg for å sjå nordlyset

Sjå tv-saka: