Årets første cruiseskip i Ålesund

Mange europeiske cruiseturistar vel kalde Noreg framfor varme middelshavs- og Karibiencruise. No er «Boudicca» i Ålesund for å leite etter nordlyset.

Cruiseskip i Ålesund

«Boudicca» er årets første cruiseskip i Ålesund. Skipet er lasta med passasjerar som jaktar på nordlyset.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

Bente Saxon

Bente Saxon er marknadsføringsansvarleg for cruise i Ålesund og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre.

Foto: Åge André Breivik / NRK

«Boudicca» gjekk inn til Ålesund i morgontimane tysdag, og blir til klokka 18.00. Måndag 10. februar fekk Molde besøk av cruiseskipet, deretter gjekk «Boudicca» til Bodø, og no har dei lagt til kai i Ålesund.

Bente Saxon, marknadsansvarleg for cruiseskip i Ålesund, seier at vintercruise har blitt veldig populært.

Les: Reiselivssjef: – Cruiseturismen vil overleve

– Mange kjem til Noreg om vinteren for å jakte på nordlyset og det friske vêret. Vintercruise har vore vanleg i fleire år, men i det siste har mange cruiseaktørar hengt seg på, seier Saxon.

«Boudicca» som eigast av Fred. Olsen Cruise Lines kjem frå Southampton i England. Allereie i kveld legg skipet frå kai og set nasen mot heimbyen.

Skipet har plass til om lag 1000 passasjerar, og har «Boudicca» mest engelske turistar. Skipet er 28.372 bruttotonn.