Hopp til innhold

Årets beste dokumentarfilmar

Fire filmar fekk kvar sin gjeve pris under årets Dokfilm-festival laurdag kveld. Noregs største og eldste dokumentarfilmfestival i Volda samlar filmskaparar frå heile landet denne helga.

Gjeve prisar vart delt ut under Dokfilm-festivalen i Volda.

Sjå heile prisutdelinga her.

Høgskulen i Volda streamar laurdag kveld dokumentarfilmfestivalen i Volda.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, eller Dokfilm, gjekk av stabelen for fyrste gong i 1997. Sidan den gong har filmskaparar og publikum møtest kvar vår i Volda. I år arrangerast festivalen onsdag 26. april til søndag 30. april.

Følg prisutdelinga laurdag 29. april her.

Boltreplass for filmfolk

Margreth Olin

PRISVINNAR: Margreth Olin frå Stranda fekk pris i 2013.

Foto: Marius Dalseg / Dofilm

Festivalen har som målsetjing å syne det beste av norsk dokumentarfilm og å fremje unge filmskaparar. Den skal vere ein boltreplass for norske dokumentarfilmfolk, og medverke til at publikum skal få augo opp for kva norsk dokumentar har å by på.

I 2013 fekk Margaret Olin prisen for filmen " De andre". Mange kjende filmskaparar har besøkt Volda sidan festivalstarten i 1997.

Fire prisar vert delt ut under festivalen – Beste lange dokumentar, beste korte/mellomlange dokumentar, beste studentproduksjon og publikumsprisen.