NRK Meny
Normal

Are Kalvø krenker verdsreligionane

Kor langt kan humoristar gå når dei tullar med religion? Are Kalvø er klar for å tøye grensene framfor religiøse leiarar.

Are Kalvø er aktuell med showet "Kalvø.

Komikar Are Kalvø frå Stranda er blant komikarane som skal tulle med religion i «KRENK 2015».

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

Saman med 12 av dei fremste komikarane i Noreg skal Are Kalvø på scena på Chateau Neuf i Oslo på måndag for å vitse om religion.

I salen sit representantar frå ulike trusretningar.

«KRENK 2015»

Målet til komikaren frå Stranda er å utforske kva ein kan vitse med og korleis før publikum føler seg krenka.

Initiativet til sceneshowet, som har fått namnet «KRENK 2015», kom frå komikar Bård Tufte Johansen etter åtaket på det franske satiremagasinet Charlie Hebdo.

Bård Tufte Johansen

Bård Tufte Johansen er hjerna bak «KRENK 2015».

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Det er mykje komisk med religion og med «KRENK 2015» vil vi ta moroa tilbake i religionskritikk, fortel Bård Tufte Johansen til NRK.

Utfordringa han har gitt Are Kalvø og dei andre komikarane som skal tulle med religion er: Kor langt kan dei gå før publikum sluttar å flire.

– I nokre religionar tåler ein alt og i andre religionar tåler ein velig lite. Komikarane må berre køyre på, oppfordrar Tufte Johansen.

Les også:

Tullar med religion

Saman med blant andre Knut Nærum, Else Kåss Furuseth, Sigrid Bonde Tusvik og Harald Eia får Are Kalvø frie tøylar til å tulle med nettopp dei religiøse leiarane i publikum sin religion.

Når publikum føler seg krenka, kan dei gi beskjed med ei bjelle.

Overskotet går til Amnesty International og samtidig håper komikarane på å kunne få fleire til å le av religion.

– Det er eit par lause kanoner på scena. Eg håper vi kan inspirere til å vitse meir rundt religion, seier hjerna bak «KRENK 2015» Bård Tufte Johansen.