Hopp til innhold

Setter spaden i jorda for medisinfabrikk før pillene er godkjende

Gründerane har så stor tru på at produktet verkar mot hudsjukdomen psoriasis, at dei bygg fabrikken no. Psoriasispasient Bjørn Ivar Heggelund håper dei lukkast.

Arctic Bioscience startar bygging av legemiddelfabrikk med silderognolje i Ørsta

Arctic Bioscience startar bygging av legemiddelfabrikk med silderognolje i Ørsta.

Foto: Idun Aalbu Rasmussen / NRK

I dag blei første spadetak for legemiddelfabrikken markert på tomta i Hovdebygda i Ørsta. Her skal det produserast kapslar med silderognolje, som gründerane trur vil hjelpe pasientar med psoriasis. Selskapet har henta inn 350 millionar kroner frå investorar for å utvikle medisinen.

– Det å lage eit legemiddel frå norsk silderogn har ikkje vore gjort før og vi vil vere dei første, seier Hogne Hallaråker, gründer og fagsjef i Arctic Bioscience.

Dei lagar i dag kosttilskot av silderognolje, men er i gang med ein større studie for å finne ut om produktet kan hjelpe psoriasispasientar.

Hudlege Kåre Steinar Tveit undersøker Bjørn Ivar Heggelund.

Psoriasispasient Bjørn Ivar Heggelund var med i ein liten studie på silderogn ved Haukeland universitetssjukehus, utført av hudlege Kåre Steinar Tveit.

Foto: Stian Sørum Røknes / NRK

Blei betre av oljen

Ein av dei som brukar silderognolje i form av kosttilskot er Bjørn Ivar Heggelund. Han var med i ein studie ved Haukeland universitetssjukehus i 2017, der dei testa silderogn på pasientane. Han opplevde å bli betre av hudsjukdomen, men etter ei tid slutta han å ta tablettane.

– Eg var ikkje sikker på om dei fungerte eller om det var andre forhold som påverka, så difor slutta eg i eitt års tid. Eg opplevde at sjukdomen blei verre, så eg begynte på att, seier Heggelund.

Han håper at dei kliniske testane som no blir gjennomført, viser at produktet verkar. Det påverkar nemleg lommeboka hans. I dag betalar han sjølv for kosttilskotet, men dersom kapslane blir godkjent som medisin, kan han få dei på resept.

– Det er flaut å ha dette utslettet synleg. Det var ikkje så hyggeleg å handhelse på folk med handa full av utslett før koronaen, seier Heggelund.

Hudlege Kåre Steinar Tveit var den som utførte den første studien. Han var først skeptisk til effekten av denne fiskeoljen, men såg at mange av pasientane opplevde betring. No er Tveit spent på den neste studien.

– Eg er nysgjerrig på preparatet og kva det vil vise i ein større skala, seier Tveit, som var til stades på markeringa.

Omfattande prosess

Steinar Madsen, fagdirektør Statens legemiddelverk

Steinar Madsen i Statens legemiddelverk seier at er ein krevjande prosess å få medisinar godkjende.

Foto: Tiril Mettesdatter Solvang / NRK

– Å få ein medisin godkjent er ein omfattande prosess, seier Steinar Madsen.

Han er medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket og kan ikkje uttale seg konkret om silderognoljen.

For å kome gjennom nålauget må ein dokumentere både at produktet held kvalitet, at det er trygt å bruke utan farlege biverknader og at det er effektivt mot sjukdomen.

Trur på forskinga

Arctic Bioscience er klar over at vegen mot å få ei godkjenning som legemiddel er lang og dei har difor rekruttert tilsette som har gjort dette tidlegare.

– Vi har stor tru på at produktet blir godkjent. Vi er jo sunnmøringar og vi kastar ikkje bort pengar, seier Hallaråker.

Kan de risikere at produktet ikkje blir godkjent?

– Det kan ein sjølvsagt risikere. Vi har allereie denne pilotstudien frå Bergen som viser positiv effekt og det dannar grunnlaget for det vi gjer no, seier Hallaråker.

Fabrikken skal produsere både kosttilkost og legemiddel, dersom alt går etter planen.

Skisse av legemiddelfabrikken Arctic Bioscience i Hovdebygda i Ørsta.

Slik ser skissene av den nye fabrikken til 180 millionar kroner ut. Det skal bli ei produksjonsline for kosttilskot og ei for legemiddel, dersom alt går etter planen.

Foto: Arctic Bioscience