NRK Meny

Arbeidsulykke ved Herøybrua

  • Fall fire meter frå stillas

    Mannen som var involvert i fallulykka ved Herøybrua arbeidde med vedlikehald og ulykka skal ha skjedd i samband med fjerning av eit rekkverk på brua, opplyser politiet. Han fall frå eit stillas som stod rundt ein av hovudsøylene på brua og landa fire meter lenger nede på fundamentet til søyla. Mannen vart henta og frakta i land av redningsskøyta før han vart sendt med luftambulanse til Ålesund sjukehus.