Hopp til innhold

Arbeidsulukke Vestbase

Ein mann er sendt til sjukehuset i Kristiansund med alvorlege klemskadar etter ei arbeidsulukke ved Vestbase like før klokka 0830. Det opplyser politiet. Skadane skal ha oppstått i samband med avlessing frå ein lastebil. Politiet og arbeidstilsynet er på staden og gjer undersøkingar.