Hopp til innhold

Arbeidstilsynet grip inn for å få restaurert 50 år gamal skule

Arbeidstilsynet krev at Ålesund kommune rehabilitererer Kolvikbakken ungdomsskole i løpet av to og eit halvt år. Både elevar og lærarar har i årevis klaga på helseplager.

Kolvikbakken ungdomsskole

Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund har brukt brakkar i årevis for å klare å ta imot alle elevane. Både brakkene og sjølve skulen er i så dårleg forfatning at lærarar og elevar får helseplager.

Foto: Synnøve Hole

Den over 50 år gamle skulen har hatt tusenvis av elevar innom dørene, og dei siste åra har klagene auka år for år. Arbeidstilsynet slår i sin tilsynsrapport fast at det i fleire år har vore problem med lekkasjar og dårleg inneklima, og at forholda ikkje er akseptable.

Etter tilsynsbesøket i april vil ikkje Arbeidstilsynet lenger vente på at noko skal skje, og pålegg kommunen å rehabilitere og utvide skulen før utgangen av 2017.

Anne Marit Kjelbergnes

Anne Marit Kjelbergnes i Arbeidstilsynet seier dei grip inn, uavhengig av den økonomiske situasjonen kommunen er i.

Foto: Arbeidstilsynet

Når vi finn at inneklima og forholda på ein skule er dårleg, og at det kan føre til helseplager, er det naturleg å gripe inn, uavhengig av den økonomiske situasjonen i kommunen, seier overingeniør Anne Marit Kjeldbergnes i Arbeidstilsynet.

Les også:

- Formidabel utfordring

For det er ei kjend sak at Ålesund kommune manglar pengar. I 2014 kom kommunen på Robæk-lista, og må dermed få spesielt løyve frå Fylkesmannen for å kunne ta opp nye lån. Dette førte til at den planlagde rehabiliteringa av skulen - til 192 millionar kroner - blei utsett, og ordførar Bjørn Tømmerdal (H) vedgår at situasjonen ikkje er enkel.

Dette er krevjande i den økonomiske situasjonen kommunen står i, men eg har forstått det slik at det er eit politisk ønskje at Kolvikbakken skal prioriterast, seier han.

Men korleis skal de skaffe pengar?

Nei, vi har ingen trylleformel for å skaffe pengar. Vi forheld oss til budsjett og økonomiplan, seier han.

Håper på fortgang i planane

Slik ser det ut i vinduskarmene på Kolvikbakken i Ålesund

Lekkasjar og råte har ført til dårleg inneklima ved Kolvikbakken ungdomsskole i årevis.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

For foreldra er vedtaket frå Arbeidstilsynet ei gladmelding. Tilstanden på Kolvikbakken har vore tema for politikarane i Ålesund i over 20 år. I 1998 vedtok dei å rehabilitere skulen fordi han var i svært dårleg stand, men 17 år seinare har lite skjedd. No kan det bli endring.

- Det er flott, men vi håper berre at det blir gjort, det har vore snakka om så lenge, seier FAU-leiar Daniella Baarholm.

Les også:

Gjort tre vedtak for å sikre fortgang

Allereie i februar neste år må kommunen leggje fram konkrete planar for korleis rehabiliteringa skal skje. Arbeidstilsynet har også pålagt kommunen å melde tilbake seinare på året korleis byggjearbeidet går, og til slutt fatta vedtak om at alt skal stå klart seinast ved utgangen av 2017. Dette er ifølgje Kjelbergnes gjort for å sikre seg at det blir fortgang i planane om rehabilitering.

Kjeldbergnes avviser at kommunen vil kunne få utvida fristen i særleg grad, på grunn av dårleg økonomi.

Vi har gitt eit pålegg med frist fram til 1.12. 2017, og det er det vi forheld oss til, seier ho.

Kolvikbakken ungdomsskole

Over 400 elevar er dagleg samla på Kolvikbakken ungdomsskole i Ålesund. Fleire av dei melder om helseplager på grunn av dårleg inneklima.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK