Hopp til innhold

Arbeidsministeren: – Eg vert møtt med framtidstru og optimisme

Statsråd Anniken Hauglie (H) har besøkt bedrifter frå Rogaland til Møre og Romsdal. Sjølv om det er tøffe tider i industrien, trur offshorenæringa at dei skal kome seg over kneika.

Anniken Hauglie besøkte Vard Søviknes

Anniken Hauglie besøkte Vard Søviknes. Her saman med prosjektleiar Arnt Inge Gjerde.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Fredag var det fleire bedrifter på Sunnmøre som fekk besøk av arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H). Blant anna var ho innom skipsverftet Vard Søviknes.

Sjølv om det er tøffe tider og mange blir permitterte eller mistar jobben i den maritime næringa, ser ikkje alt heiltsvart ut.

– Eg har blitt møtt med ei utruleg framtidstru og optimisme. Dei eg har snakka med er sikre på at dei kjem seg over kneika. Men det kjem ikkje til å skje av seg sjølv. Det krev hardt, systematisk arbeid og stor innsats frå bedriftene, seier Hauglie. Ho starta turen i Rogaland og har besøkt bedrifter som merkar nedgangstidene.

Tilpassar seg nye skipstypar

Fredag fekk ministeren sjå korleis Vard driv opplæring i bedrifta for å omstille seg. Kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll seier at dei har starta eit større omstillingsprogram for å tilpasse seg nye skipstypar.

– Vi er godt i gang med bedriftsintern opplæring, som vi ser gode resultat av, seier Akselvoll.

Verftsgruppa har fått midlar frå NAV for å omstille seg til nye marknader, som til dømes bygging av cruiseskip og fiskebåtar.

– Eg er opptatt av å gi ei handsrekning til bedrifter, slik at dei kan omstille seg og ekspandere og trygge arbeidsplassane. Og aller helst skape mange nye arbeidsplassar, seier Hauglie. Ho synest det er hyggeleg at tiltaka som regjeringa har sett inn, vert tatt godt imot.

Endre permitteringsreglane

Regjeringa har også foreslått å endre permitteringsreglane frå 1. juli. Dei nye reglane går ut på å utvide permitteringsordninga slik at arbeidstakarar kan bli permitterte i 52 veker. Dagens maksimalgrense er på 30 veker.

Og akkurat denne endringa er også Vard glade for.

– Vi har hatt eit fokus på permitteringsreglane og håper at det ordnar seg no, seier Akselvoll.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL