NRK Meny
Nav
Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Arbeidsledighet i Møre og Romsdal

  • Trur på nedgang i 2018

    Arbeidsløysa har auka frå 2,4 til 2,8 prosent frå desember til januar. – Dette er vanleg fordi mange kontraktar går ut ved nyttår, seier fylkesdirektør Stein Veland i Nav. Samanlikna med same tid i fjor er 1165 færre arbeidslause, og Veland har tru på at nedgangen held fram i løpet av året.

    Nav-skilt
    Foto: Hans Erik Weiby
  • – Må tørre å pendle ut av fylket

    På tross av rekordlav arbeidsledighet på 2,4 prosent har Møre og Romsdal langt flere arbeidsledige enn nabofylkene ifølge fylkesdirektør i NAV, Stein Veland. Mens Møre og Romsdal har vært vant til at mange kommer over fylkesgrensene for å jobbe her i fylket, må mange nå belage seg på å reise ut av fylket for å få jobb. – Vi har tradisjonelt vært et fylke som folk har pendlet til, og vi har sagt i hele 2017 at nå må vi også tørre å pendle ut av fylket for å skaffe oss jobb, sier Veland.

    Stein Atle Veland
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK
  • Nedgang i arbeidsløysa i fylket

    I desember 2017 er det ein nedgang i arbeidsløysa på 23,0 prosent frå same månad i fjor. Det er 3 421 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal og det utgjer 2,4 prosent av arbeidsstokken, skriv NAV i ei pressemelding. – Vi må tilbake over 10 år sidan sist arbeidsløysa hadde ein tilsvarande nedgang gjennom eit år. Dette tyder på at omstillinga som store delar av næringslivet har stått i begynner å få effekt, seier fylkesdirektør Stein Veland.

    Stein Veland
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Fleire verftsarbeidsplassar

    Verftsindustrien i Møre og Romsdal kjem til å trenge fleire tilsette i løpet av neste år, trur fylkesdirektør Stein Veland i Nav. Omstillinga som dei store verfta har vore gjennom dei siste år har gitt mange nye oppdrag. Sist ut var VARD Søviknes som skal bygge eit cruiseskip for polare strok, til ein verdi av 2,7 milliardar kroner. Veland ventar at dette fører til fleire verftsarbeidsplassar.

    Stein Atle Veland
    Foto: Gunnar Sandvik / NRK