Hopp til innhold

Arbeidsledige Karl August fekk jobb i rekordfart i Sykkylven

Ikkje sidan krigen har fleire vore arbeidsledige, men enkelte stader er det skrikande mangel på arbeidskraft. Karl August Tødenes (26) fekk jobb på dagen i møbelindustrien.

Karl August Tødenes (26) fekk jobb i rekordfart på Ekornes i Sykkylven

26-åringen er overraska over kor fort det gjekk frå han sende inn søknad til Ekornes til han fekk starte i jobben.

Foto: Per Kjetil Våtmyr / Ekornes

Koronapandemien har gjort at mange har mist jobben. Det siste året har 700.000 personar søkt om dagpengar.

Karl August Tødenes var ein del av arbeidsløysestatistikken, men ikkje no lenger. Han er nytilsett i møbelbedrifta Ekornes i Sykkylven.

– Det gjekk grueleg fort. Torsdagen var eg på intervju. Fredag ringte dei og spurte om eg kunne starte på jobb mandag, ler Tødenes.

Han pakka flyttelasset sitt i Molde på to dagar og drog til Sunnmøre for å produsere sofaer og stolar, med null erfaring frå yrket.

Karl August Tødenes (26) fekk jobb i rekordfart på Ekornes i Sykkylven

Karl August Tødenes har null erfaring frå møbelbransjen, men får opplæringa i bedrifta.

Foto: Per Kjetil Våtmyr / Ekornes

– Paradoks at vi slit med rekruttering

Etter at landet stengte ned i mars i fjor toppa møbelkommunen Sykkylven statistikken over permitterte, men det snudde raskt. Folk både i Noreg og utlandet starta å pusse opp og ville ha nye møblar. Dermed fekk møbelfabrikkane og underleverandørar eit desperat behov for meir arbeidskraft.

– Det er eit paradoks at arbeidsløysa er så stor medan vi slit med å få tak i nok folk, seier Åsne Helene Folstad, som er dagleg leiar i Sykkylven næringsforum.

Ei undersøking viser at bedriftene har 60-70 ledige stillingar no.

Også i Rauma har kommunen og næringsliv lyst ut 180 ledige jobbar i ein kampanje.

Skifte yrke

Stein Veland

Fylkesdirektør i NAV, Stein Veland, ser at einskilde kommunar i landet har låg arbeidsløyse.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkesdirektør i NAV, Stein Veland, seier at sjølv om arbeidsløysa er stor i landet, ser dei einskilde kommunar med stort behov for arbeidskraft.

– Vi må erkjenne at ein del av den høge arbeidsløysa handlar om inngrepa som er gjort i kornapandemien, der hotell, servicenæringar og reiselivet har store utfordringar, seier Veland.

Han meiner ledige og permitterte må utfordre seg sjølv på om dei kan flytte til ein anna kant av landet der det finst jobbar eller gå inn i andre yrker.

Kan tilsette 30 på dagen

Også ordføraren i øykommunen Smøla, Svein Roksvåg (Sp) er på jakt etter arbeidskraft. Han håper jobbsøkande vil flytte til hans kommune.

– Vi kunne ha tilsett 30 personar på dagen, seier Roksvåg. Både byggenæringa, fiskeri og havbrukbransjen går bra. I tillegg manglar kommunen folk i fleire stillingar.

Kvar skal dei 30 personane kome frå?

– Det er eit godt spørsmål. Eg håper at utflytta smølaværingar kunne tenkt seg å kome tilbake, men alle er velkomne, seier Roksvåg.

Saumavdeling ved Ekornes i Sykkylven

Sidan sommaren har Ekornes tilsett 150 personar. Framleis er det behov for 30-40 nye.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Deileg å stå opp til jobb

På Ekornes er Tødenes strålande nøgd med å ha fått jobb. Etter vidaregåande har han vore arbeidsledig i fleire runder.

No får han opplæring i å trekke stolar.

– Det er deileg å ha ein grunn til å stå opp. Å ha noko å gjere om dagane er skikkeleg godt, seier Tødenes. Han oppmodar andre arbeidsledige om å tore å søke på jobbar ein ikkje er utdanna til.

– Å sende ein søknad kostar ingenting, seier 26-åringen.

LES OGSÅ: