NRK Meny
Normal

Sjokkerte arbeidskameratar etter dødsfall

Mannen som døydde etter ein valdsepisode i Ulstein arbeidde ved Kleven Maritime. Der har dei tilsette reagert med sorg og sjokk i dag.

KLEVEN VERFT AS

Tilsette ved Kleven Verft er i sorg etter at arbeidskameraten deira døydde av skadane han vart påført under ein valdsepisode natt til tysdag.

Foto: Harald M. Valderhaug / Harald M. Valderhaug, NO-6050 V

– Ein ventar aldri at noko slikt skal skje med nokon ein kjenner, seier kommunikasjonssjef ved Kleven Maritime, Ellen Kvalsund.

Ein av deira tilsette, ein mann i 20-åra, vart alvorleg skadd under ein valdsepisode i Ulstein natt til tysdag, og døydde seinare av skadane.

Sjokk og sorg

Politiet fekk melding om hendinga tysdag klokka 04.45.

Den skadde mannen vart raskt teken hand om av ambulansepersonell og frakta til Volda sjukehus, før han vidare vart frakta med luftambulanse til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Klokka 14.00 tysdag stadfesta politiet at mannen døydde av skadane han var påført.

Mannen har vore tilsett ved Kleven Verft i sju år. Der vart det flagga på halv stang tysdag.

– Dagen i dag har vore prega av sjokk og sorg, fortel Kvalsund.

Les også:

– Vi skal støtte kvarandre

Leiinga i Kleven Maritime og dei som har jobba på maskinavdeling saman med den avdøde har tysdag hatt samling saman med soknepresten og bedriftshelsetenesta, fortel Kvalsund.

Ellen C. Kvalsund

Kommunikasjonssjef i Kleven Maritime, Ellen Kvalsund, fortel at arbeidskameratane til den avdøde mannen har vore i sjokk tysdag.

Foto: Per Eide

– Det er viktig at folk får vere ilag og snakke saman for å arbeide seg gjennom det som har skjedd.

I kantina på Kleven Verft har dei sett fram eit bilete av den døde arbeidskameraten. Dei har også tent lys og sett fram blomar.

– Eg veit at dette er ein gjeng som er flinke til å ta vare på kvarandre, og det skal vi gjere no framover. Vi skal snakke saman og støtte kvarandre, seier Kvalsund.

I tillegg har Kleven Maritime profesjonelle tilbod til dei som måtte ønskje det.

– Eg trur likevel det viktigaste vi kan gjere no er å passe på kvarandre i kvardagen.

Erkjenner straffskuld

Ein mann i 20-åra vart kort tid etter hendinga pågripen av politiet, og er no sikta for lekamskading med døden til følgje.

Ifølgje politiet har det ikkje vor nokon relasjon mellom dei to mennene.

Forsvarar, Torgeir Langva, stadfestar overfor NRK tysdag ettermiddag at den sikta mannen erkjenner å ha gjennomført valdshandlinga.

Den sikta mannen har site i avhøyr med politiet tysdag og kriminalteknikarar har byrja med åstadsgranskingar.

Mannen er av aust-europeisk opphav. Han blir truleg framstilt for fengsling torsdag.