Hopp til innhold

Arbeidet med turstiane skapte nytt samhald mellom naboane

Det har til tider vore eit blodslit. Men dei som bur i Utvikbygda i Skodje er likevel ikkje i tvil. Alt arbeidet med nye turstiar har blitt ei lykke for dei 180 innbyggarane.

Håvard Løken Nystøyl t.v. og Stian Brune

Håvard Løken Nystøyl t.v. og Stian Brune er to av dei mest aktive i dugnadsgjengen som har bygd veg, gapahuk, merka stiar og sett opp informasjonstavler. Dei angrar ikkje.

Foto: Synnøve Hole

Den nye gapahuken på Sætra står som eit monument på fjellhylla rett ovanfor Mørkeset i Utvikbygda i Skodje. Dette har bygdefolket sett opp på dugnad. Ein nybygd turveg og fleire godt merka stiar i skogen rett ved vitnar om det same. Her har folk stått skulder ved skulder og sveitta.

Gapahuken på Sætra

Håvard Løken Nystøyl f.v., Stian Brune, Marius Nystøyl, Randi Hustad Nystøyl, Ida Nystøyl, Anne Marit Elvestuen, Maria Elvestuen og Jennfrid Steinset i gapahuken.

Foto: Synnøve Hole

– Damene har gjerne klubben, vi har «klubben» her oppe. Vi reiser opp og bygger og har det kjekt, seier Stian Brune (38) i det han viser den godt merka stien opp mot fjellet. Han har vore primus motor dei siste åra.

Les også:

Svært mange har deltatt

Brune anslår at nesten 50 av dei 180 innbyggarane i bygda har vore involverte i eitt eller fleire av prosjekta.

For to veker sidan tok dei offisielt i bruk den nye gapahuken. Tidlegare har dei merka tre lengre råser i skogssida, og denne sommaren skal dei merke ny sti mot det populære utkikspunktet Rødlandstua (355 moh).

– Ein blir godt kjent, ein har noko felles å prate om og ein uformell møteplass, seier 38-åringen.

Jennfrid Steinset t.v., Perny Steinset Iversen og hunden King

Jennfrid Steinset t.v., Perny Steinset Iversen og hunden King fekk ein flott tur til Sætra på Mørkeset i Skodje, etter godt merka løype. Dei er imponert over kva folk har gjort på dugnad.

Foto: Synnøve Hole

Les også:

Imponert over naboane

Jennfrid Steinset (75) frå andre sida av Ellingsøyfjorden er på tur opp til gapahuken for aller første gong. Ho er imponert over det dei har fått til.

Det er jo fabelaktig, ei dugnadsånd som ikkje er sann. Eg kunne godt tenkt meg å vere med dersom eg var yngre, ler ho.

Det er kjempeflott at nokon gidd å gjere dette, slik at vi andre kan klare å kome oss opp på eit fornuftig vis, legg dottera Perny Steinset Iversen til.

Applaus frå kommunen

Arne Digersen og barnebarnet Linus (4)

Arne Digernes og barnebarnet Linus (4). Digernes hadde aldri gått til Sætra før bygdefolk merka stien.

Foto: Synnøve Hole

Folkehelsekoordinator og kultursjef Magne Fylling i Skodje er imponert over sambygdingane sine. Han har hjelpt dei med å søkje økonomisk støtte frå Norsk Tipping og Gjensidigestiftinga, som saman med fylkeskommunane og Den norske Turistforening har gått saman om å få fleire ut på tur.

Fylling meiner arbeidet eldsjelene i Utvikbygda gjer, er heilt unikt.

– Eg syns det er heilt fantastisk. Dørstokkmila kan vere høg, så godt merka stiar er alfa og omega, seier Fylling og legg til:

– Ein kan leite tak i alle dei superlativa ein vil, men det er heilt utruleg det arbeidet dei gjer.

Håper å få mange ut på tur

For Stian Brune og dei andre som har lagt ned over 1000 dugnadstimar dei siste åra er det beste som kan skje, at området blir mykje brukt.

Vi vil at folk skal bruke området og vere her oppe og kose seg. Det er derfor vi gjer det, og på den måten kan også fleire i bygda møtes, seier han.

Maria Elvestuen t.v. og Ida Nystøyl

Maria Elvestuen t.v. og Ida Nystøyl kosar seg i klatretaua rett bak den nye gapahuken. Med tida er planen å lage fleire leikeapparat for ungane i bygda.

Foto: Synnøve Hole

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL