Hopp til innhold

Arbeidet med å opne vegen i Ålvundfjord er i gang

Kl. 15.20 onsdag starta vegvesenet arbeidet med å opne den rasstengde vegen i Ålvundfjord. Men det er framleis uklart når vegen kan opne.

Geoteknikarane granskar raset i Sunndal.

Geoteknikarane har fastslått at det er kvikkleire i området. Dette har gitt anleggsarbeidarane store utfordringar i samband med opning av vegen.

Foto: Roar Halten / NRK

Leirskredet gjekk i Ålvundfjord måndag. Skredet sperrar vegen. Geoteknikarar har fastslått at det er kvikkleire i området. Dermed må arbeidet med å reinske området gå føre seg med stor varsemd.

Ståle Refstie

Ståle Refstie er ordførar i Sunndal.

Foto: Roar Halten / NRK

Vi er vane med stengde vegar her, men ikkje med leirskred av denne typen. Vi er heller ikkje vane med at vegane blir stengde så lenge, seier ordførar i Sunndal, Ståle Refstie til NRK.

Ustabilt område

Ifølgje rapporten må store deler av massane stabiliserast i samband med arbeidet. Dette skal skje mellom anna ved å anlegge ein voll av tunnelmasse frå Opdølsstranda. Det er den lause grunnen med kvikkleire som er årsaka til at arbeidet er langt meir omfattande enn ved andre typar skred.

Området er ustabilt. Dermed må folk ikkje opphalde seg på nedsida av vegen når anleggsarbeidet går føre seg. Dette gjeld også dei som skal til hyttene i området, seier Refstie.

Kan kome nye skred

Dei ustabile massane kan føre til at det blir utløyst nye skred. Dermed er det vanskeleg å seie kva tid vegen kan opnast.

Etter det vi får opplyst skal vegen opnast i eitt felt først og området skal stabiliserast med stein frå Opdølsstranda, seier Refstie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL