Hopp til innhold

Arbeidde i 12 år som sjukepleiar utan autorisasjon

I nesten 12 år har ho arbeidd som sjukepleiar ved Ålesund sjukehus. Nyleg oppdaga sjukehuset den store tabben: ho har aldri hatt autorisasjon.

Sjukepleiar

Ingen oppdagag at kvinna ikkje hadde autorisasjon, før det gjekk 12 år. (Illustrasjonsfoto)

Foto: Eirill Wiik / Scanpix

Det er Sunnmørsposten som tysdag ettermiddag skriv om det dei omtalar som ein tilsetjingstabbe.

For først etter nesten 12 år oppdaga sjukehuset at ein av sjukepleiarane aldri har hatt autorisasjon.

Varsla sjølv Fylkesmannen

Assisterande fylkeslege Cato Innerdal hos Fylkesmannen seier til avisa at det var Helse Møre og Romsdal som sjølv varsla om at dei hadde oppdaga at autorisasjonen mangla.

– Eg har ingen kommentar utover at det er oppretta tilsynssak, seier Innerdal til Sunnmørsposten. Avisa skriv at sjukepleiaren no er oppsagt.

Meiner kvinna har brote tilliten

Olav Finnøy

Personalsjef Olav Finnøy avviser at noko slikt kunne skjedd i dag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Personalsjef Olav Finnøy seier til Sunnmørsposten at dette er ein klar svikt.

– Dette er ein grov systemsvikt, seier han, og avviser at noko slikt kunne skjedd i dag.

Han meiner kvinna har misbrukt tilliten til arbeidsgjevaren sin.

Det skal ikkje ha kome inn klagar på kvinna.