Sykehusapoteka sjekkar om fleire varer må ut

Sykehusapotekene går no igjennom fleire reseptfrie varer på nytt for å sikre at det er godt nok dokumentert kva dei sel.

Viiral

TATT UT AV SAL: Alle apoteka som selde Viiral har no tatt sprayen ut av sal medan dei ventar på dokumentasjon.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Dette skjer på bakgrunn av erfaringane vi gjorde oss då vi tok inn Viiral, seier Espen Mælen Hauge som er direktør for Sykehusapotek Nord HF.

Helsetilsynet har avgjort at ein studie der sprayen blei testa ut på SAS-pilotar må trekkast tilbake fordi den ikkje hadde etisk godkjenning. Sprayen er utvikla av bedrifta Viiral AS på Sunnmøre. Dei skriv på sine nettsider at sprayen kan førebyggje, forkorte og lindre forkjøling.

Helsetilsynet har ikkje granska sjølve sprayen, berre studien som blei gjort for å dokumentere effekt.

Alle apoteka har stoppa salet

Det er Boots, Sykehusapotekene og Apotek1 som har selt sprayen i Noreg. Måndag blei det kjent at Boots og Sykehusapotekene stoppar salet. No er det klart at også Apotek1 med sine 400 apotek gjer det same.

Kjersti Solberg Ofstad

Kjersti Solberg Ofstad er kommunikasjonssjef i Apotek1

Foto: Apotek 1

– Vi har følgt normal rutine i denne saka, det vil seie etablert kontakt med Statens legemiddelverk som tek vurderingar knytt til dokumentasjon på slike produkt. Medan vi ventar på svar frå dei, valde vi i går ettermiddag å trekke produktet frå hyllene, seier Kjersti Solberg Ofstad i Apotek1.

Legemiddelverket opplyser at dei følgjer situasjonen nøye.

– Vi vil undersøke nærare i kva grad produsenten har følgt opp sine plikter etter regelverket, seier Petter Alexander Strømme, lagerleiar for medisinsk utstyr.

Årets innovatør

Sprayen Viiral vart kåra til Årets innovatør av Apotek1 i 2018. Apotek-kjeden vil ikkje kommentere dette sett i lys av at dei no stoppar salet.

Laboratoriet Viiral

Frå laboratoriet til Viiral i Ørsta på Sunnmøre.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

Viiral AS synest det er synd at Apotek1 vel å ta produkta ut av hyllene.

– For både oss og forbrukarane er det svært kjedeleg og leitt at Apotek1 vel å gå til desse tiltaka midlertidig. Vi har forståing for det etter siste tids media-dekning, men vi håpar og trur at vi er tilbake i ordinært sal innan kort tid. Viiral er eit veldig godt og trygt produkt, og det har heller ingen sagt det ikkje er, seier dagleg leiar Frode Fagermo.

Vekte reaksjonar

Sykehusapoteka skal no altså no på nytt sjå på dokumentasjonen på fleire tilsvarande varer – såkalla sjølvvalgsvarer, som reseptfrie medisinar.

Direktør Espen Mælen Hauge i Sykehusapotek Nord HF seier dei tilsette reagerte då dei gjennom grossistavtalen med Allinace Helthcare Norway tok inn Viiral.

Espen Mælen Hauge

Espen Mælen Hauge.

Foto: Caroline Rugeldal / NRK

Sykehusapotekene har stilt krav om dokumentasjon til effekt og seriøsitet på produkta som blir tatt inn, og ved fleire tilfelle har dei avvist produkt, fortel han.

– Då Viiral likevel blei tatt inn, vekte det raskt reaksjonar frå tilsette, og vårt nasjonale samarbeidsforum for publikumsutsal vurderte at dette er eit produkt som ikkje oppfyller våre krav til dokumentasjon og seriøsitet, seier han.

No har dei tatt produktet ut av hyllene i alle sjukehusapoteka i Noreg.