Hopp til innhold

AP reint fleirtal i Kristiansund

Arbeidarpartiet i Kristiansund får reint fleirtal. I Arbeidarpartibastionen Kristiansund har partiet gjennomført det beste valet noko sinne.

Per Kristian Øyen

Per Kristian Øyen og resten av Arbeiderpartiet får reint fleirtal i Kristiansund.

Foto: NRK

Til saman har Arbeidarpartiet fått 50,9 prosent av stemmene. Dermed held Per Kristian Øyen fram som ordførar, og han får med seg Line Hoem (Ap) som varaordførar.

– Sjukehussaka er nok litt av årsaka til framgangen, seier Per Kristian Øyen til NRK.

– Kva skjer med samarbeidet med opposisjonen no når de har reint fleirtal?

Vi har hatt eit godt samarbeid med andre parti. Sjølv om vi no klarer oss godt åleine, avsluttar vi ikkje eit godt samarbeid. Vi avsluttar ikkje samarbeidet no, seier Øyen.

Høgre fekk 16,9 prosent av stemmene og 8 representantar i bystyret. Det er Høgre ikkje nøgde med.

Vi føler vi har arbeidd sterkt for Kristiansund sjukehus, og vi har ikkje fått særleg godt betalt for den jobben, seier Sidsel Sæterøy frå Høgre.

Framstegspartiet får inn like mange representantar som sist, altså åtte representantar. Det er Framstegspartiet godt nøgd med.

– Vi har klart å halde posisjonen. Vi er veldig godt nøgde med valresultatet i Kristiansund, seier Åge Austheim (Frp).