Hopp til innhold

Ap-politikarar i Aure krev svar

Kutt i rehabiliteringa i fylket kan få konsekvensar i Aure og på Mork. Ap-politikarar i Aure fryktar no eit svarteper-spel om pasientar, og krev svar frå den politiske leiinga i Helsedepartementet.

Demonstrasjon i Aure

Folket i Aure demonstrerte tysdag kveld mot kutt i rehabiliteringa i Møre og Romsdal. Aure Rehabiliteringssenter

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er overordna med ei avklaring om helseføretaket og kommunane si rolle i samhandlingsreforma, seier varaordførar Bjørn Åge Oldervik i Aure kommune.

– Det må bli avklart og det må skje fort. Byrja vi å miste dei tilsette så er katastrofen allereie skjedd.

Ap-politikarar i Aure vil no ha eit klart svar frå Helsedepartementet, og skal i dag torsdag i møte med Robin Kåss i departementet.

Dei vil ha svar på kven som skal ha det framtidige ansvaret for behandlinga av pasientar som treng rehabilitering.

Er framleis optimist

I dag får pasientane behandling på rehabiliteringssentera i Aure og på Mork i Volda. Men mange fryktar no at desse sentera vil bli lag ned.

Oldervik er usikker på om dei vil nå fram med argumenta mot nedlegging, men har er i det minste optimistisk.

– Eg er alltid optimist. Eg har trua på systema og eg har trua på at det er mogleg å prate med overordna myndigheit, fortel han.

Kva svar han vil få av Kåss i Helsedepartementet veit han derimot ikkje.

– Han er ein byråkrat på høgt nivå, så svaret blir vel deretter.

– Men vi skal stille vanskelege spørsmål, så får vi sjå om han klarer å vri seg unna, seier varaordføraren.

Saka held fram under bildet.

Bjørn Oldervik

Varaordførar i Aure kommune Bjørn Åge Oldervik (Ap) håper at Aure Rehabiliteringssenter ikkje blir lagt ned.

Foto: Trond Vestre / NRK

Vil ha svar frå øvste hald

Det var tysdag kveld at folket i Aure møtte opp med faklar og slagord då leiinga og styret i Helse Møre og Romsdal var på synfaring..

Folket fryktar ei nedlegging av rehabiliteringssenteret og at sjukehusa overtek behandlinga av pasientane i samarbeid med kommunen.

Senteret si skjebne skal avgjerast av styret i Helse Møre og Romsdal, men makta sit langt høgare oppe i systemet. Ap-politikar Stein Brage Rånes ønskjer no klare svar frå den politiske leiinga.

– Dei definerer kva som skal skje i samhandlingsreforma framover. No kan det sjå ut som kommunane blir sitjande igjen med det som andre ikkje vil ha.

– Så det er viktig for oss å få ei forklaring og ein definisjon. Vi må få vite kva som skal skje framover.

Kamp til målstreken

Rånes fortel at han i møte med Helsedepartementet vil forklare korleis ein føler det ute i små kommunar.

– Det slik at vi ikkje får tredd noko nedover hovudet og at det blir eit svarteper-spel for oss her, seier Rånes.

Varaordførar Oldervik er klar på at Aure kommune vil kjempe heilt fram til det avgjerande styremøtet.

– Ja, kampen kjem til å gå heile vegen fram til det er avgjort.

– Vi som kommune må uansett finne ei løysing for rehabiliteringssenteret, det er vi forplikta til. Det er faktisk den tredje største arbeidsplassen i Aure kommune vi pratar om, avsluttar Oldervik.