Kirsten Skaret Gulla, seier dette var ein siger for fiskeria i Møre og Romsdal, fordi det ville vere feil å dele opp dei nasjonale ressursane som fisk er.
– Bra for næringa
Kompromisset betyr at ingen av partane får fullt gjennomslag for sine syn. Partiet er likevel samstemt om ei fornying av kystfiskeflåten og ein jamnare tilførsel av råstoff til fiskeindustrien. Kompromisset er ein garanti for næringa og ei styrking av sysselsettinga samstundes som det byggjer vidare på ein sosialdemokratisk nærings- og distriktspolitikk meiner Skaret Gulla.
– Slik eg ser det er kompromisset ein vinn-vinn-situasjon for alle partar.
For delegatane frå Møre og Romsdal var redde for at kyst- og fiskeri-Noreg skulle bli splitta. No er det unngått, meiner Skaret Gulla.