Lokalpolitikar på Facebook: – Jeg er rasist

Antirasistisk senter kallar facebookinnlegg frå lokalpolitikar i Ålesund grov rasisme. Olger Drønnesund står ved det han har skrive.

Skjermdump frå Facebook.

Lokalpolitikaren skriv sjølv på Facebook at han er rasist. Han har lagt ut fleire innlegg som Antirasistisk senter reagerer på.

Foto: Skjermdump / Facebook/NRK

Siste: Pensjonistpartiet i Ålesund ynskjer å ekskludere Olger Drønnesund etter at NRK publiserte denne saka. Dei har sett i gang prosessen, men det er sentralstyret som skal ta avgjerda.

Olger Drønnesund har stått på ulike vallister for Pensjonistpartiet i ei årrekkje.

Etter valet i 2019 kunne han ta plass som ein av 77 representantar i landets største kommunestyre.

Inntil nyleg hadde politikaren offentleg profil på Facebook. Ein del av tinga han har skrive der vekkjer oppsikt:

Skjermdump frå facebook.
Skjermdump frå Facebook.
SKJERMDUMP FRÅ FACEBOOK.
SKJERMDUMP FRÅ FACEBOOK.

– Det er alvorlege og rasistiske ytringar, seier Linda Tinuke Strandmyr.

Ho er fungerande leiar i Antirasistisk Senter, og meiner det er svært problematisk at ytringane kjem frå ein folkevald

– Han spelar på klassisk frykt- og hatretorikk, der ein lagar eit bilde av – oss og dei.

Nestleiar i Agenda X, Linda Tinuke Strandmyr.

Linda Tinuke Strandmyr, er fungerande leiar i Antirasistisk Senter, ein uavhengig stiftelse som arbeider mot rasisme og diskriminering i Noreg.

– Eg forventar at det blir ein skikkeleg oppvask i Pensjonistpartiet i Ålesund, og at partiet sentralt kjem på bana og klargjere om desse ytringane er i tråd med deira syn, seier Tinuke Strandmyr.

Forventar full oppvask i lokalpartiet

Kurt Johnny Hæggernæs er styreleiar i Pensjonistpartiet Norge. Han var ikkje kjend med saka før NRK tok kontakt. No har han sendt brev til Drønnesund og lokallaget i Ålesund.

– Det er svært beklageleg at ein folkevald frå vårt parti fremmar slike haldningar. Dette tek vi sterk avstand frå. Det er skadeleg for omdøme til partiet, og vi har bedt partilaga i Ålesund og Møre og Romsdal om å ta tak i saka omgåande, seier Hæggernæs.

Kurt Johnny Hæggernes i kommunestyresalen på Askøy

Kurt Johnny Hæggernæs er styreleiar i Pensjonistparitet Norge. Han tek sterk avstand frå ytringane til partikollegaen i Ålesund, og har no starta ein prosess internt i partiet.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Kan bli tatt opp i kommunestyre

Gruppeleiar for KrF i Ålesund Tore Johan Øvstebø meiner utspela er grove overtramp av det etiske reglementet i kommunen.

Som folkevald har Drønnesund signert på dokumentet Etisk standard.

4. Sosiale media: Tilsette og folkevalde må vere oppmerksame på at ein også i private samanhengar vil kunne bli oppfatta som representant for nye Ålesund kommune. Tilsette og folkevalde bør difor vere si rolle bevisst ved bruk av kommunikasjonskanalar som internett og sosiale media.

Etisk standard for folkevalde, Ålesund kommune

– Det kan synest som han meiner at personar som ikkje er kvite nok i huda ikkje er norske, sjølv om dei har norsk statsborgarskap. Ord har stor makt, og spesielt når ein er folkevald må ein vege orda sine, seier Øvstebø.

No meiner Øvstebø at ein på nytt må ta opp ytringar i sosiale media i kommunestyret.

Tore Johan Øvstebø, gruppeleiar for Krf i Ålesund kommune.

Tore Johan Øvstebø er gruppeleiar for KrF i Ålesund, og har vore med på å utarbeide dei etiske retningslinjene i kommunen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Lovlege ytringar

Anine Kierulf er fyrsteamanuensis ved Universitet i Oslo og ekspert på ytringsfridom.

Ho trur ikkje nokon av tinga Drønnesund har skrive på Facebook er ulovlege.

– Det er ikkje ulovleg å vere rasist, inkonsekvent, historielaus og generaliserande. Ytringane er nok for generelle til å verte rekna som hatefulle, men det uvanleg å lese at noko gir så klart uttrykk for å vere rasist, seier Kierulf.

Sjølv om ytringane er lovlege, er Kierulf klar på at mange vil sjå dei som umoralske, og at folkevalde har eit særskild moralsk ansvar.

Anine Kierulf

Anine Kierulf jurist og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo. Ho er

– Dei skal vere forbilde for vanlege folk. Men vanlege folk uttrykkjer seg sjeldan så respektlaust, seier ho.

Kierulf peikar også på at saka får fram ei positiv side av ytringsfridomen.

– Det har ein eigenverdi at meiningane til politikarar kjem fram i lyset. Folk får jo no vite om dei, og kan la vere å stemme på vedkomande neste gong, om dei er ueinige, seier Kierulf.

Står ved det han har skrive

Til NRK seier Olger Drønnesund at han aldri har skrive noko rasistisk, eller noko slags frykt- eller hatytringar.

Etter at NRK snakka med han er ikkje profilen hans lenger synleg på Facebook.

Drønnesund er tydeleg på at han står ved det han har skrive på sosiale media.

Antirasistisk Senter kallar ein del av tinga du har skrive der for grovt rasistisk og typisk hat-retorikk. Kva synest du om det?

– Seier dei? Ja, eg tvilar ikkje på at den gjengen der seier det. Og dei skal få millionar i statsstøtte, medan Human Rights Service, som verkeleg gjer ein jobb for landet, skal no få kutta den skarve støtta dei har.

Du skriv på Facebook om Ezinne Okparaebo «Er ho norsk?» kva meiner du med det?

– Ja, eg spør igjen eg: Er ho norsk? Etter mitt syn er ho ikkje norsk. Det er ikkje pakistanarane som slapp inn i 1970 heller. Dei har fått norsk statsborgarskap av landsforrædarar, seier Drønnesund.

Kven meiner du er landsforrædarar?

– Kven? Det er dei som styrer det. Dei driv eit opplegg for å bytte ut befolkninga. Når politikken dreiar seg om bytte ut den etniske befolkninga, då har du eit svik, seier Drønnesund.