NRK Meny
Normal

Anniken Obaidli blir i Molde

Molde sin store handballprofil Anniken Obaidli har signert ein ny toårsavtale med Molde handballklubb.

Per Gjerde, Anniken Obaidli, Carl Henrik Indbjør

Handballtalentet Anniken Obaidli har signert ei ny to års kontrakt med Molde handballklubb.

Foto: gunnar sandvik / nrk

– Eg ser ikkje vitsen med å forlate klubben no når vi endeleg har rykka opp i eliteserien, seier Obaidli.

Molde handballklubb blei i mars historiske då dei vart det første damelaget frå Møre og Romsdal til å rykke opp i eliteserien. Obaidli har vore ein av dei mest sentrale spelarane på laget, og ser fram til den komande sesongen.

– Klubben legg opp til eit bra løp for meg. I tillegg får vi inn ein veldig bra trenar som eg trur vil bidra til utviklinga mi, seier ho.

Kan bli ein viktig nasjonal profil

19- åringen har spelt handball sidan ho var 10 år gamal, og Obaidli har lenge hatt ein draum om å kunne ta laget til eliteserien. Handballtalentet har store ambisjonar for Molde i den komande sesongen.

– Det er viktig at vi klarer å halde oss her i eliteserien når vi først har greidd å nå så langt, seier ho.

Styreleiar i Molde handballklubb, Per Gjerde, er glad for å ha fått med seg Anniken Obaidli vidare, og meiner ho kan bli ein verdifull spelar i tida framover.

– Ho er ein kjempeviktig spelar for klubben. Ho er vår største profil og spelar i tillegg på landslaget, seier Gjerde.

Han trur Obaidli kan nå langt, og bli ein viktig nasjonal profil.

– Vi ønsker å bygge opp eit lag rundt Anniken slik at ho får den utviklinga ho treng for å bli best i Noreg og kanskje best i verda, seier Gjerde.