– Eg trudde eg kom til å vere einsam for alltid, seier Annika Sjøli.
Litt over eitt år har gått sidan moldensaren openhjarta, medan tårene rann, bretta ut om kjensla ho sat med.
Kjensla av einsemd.
Men no har det snudd. Kjensla er borte, og situasjonen er heilt forandra.
– Kva skjedde?
– Sara skjedde, seier ho og smiler.
Annika Sjøli er djupt takknemleg for at Sara Strande strakk ut ei hand.
Foto: Remi Sagen / NRKNye vennskap
Du har kanskje sett Annika Sjøli før. I starten av mai i fjor la ho ut ein video på TikTok der ho gret. Ho kjende seg einsam, og visste ikkje kva ho skulle gjere.
Den videoen såg også Sara Strande, som sende Annika ei melding og spurde om dei skulle møtast.
– Eg visste kven Sara var, så eg var nysgjerrig. Men eg tenkte at ho berre syntest synd på meg – og kanskje var det sånn i starten, men ho har gitt meg mykje stadfesting, og no er vi jo bestevenner.
Og det var også Sara bekymra for; at Annika ikkje skulle ta meldinga seriøst.
– Eg er glad eg sende den. Ho er fantastisk, seier Sara.
– Det skader ikkje å sende den meldinga
Videoen som Annika publiserte gjekk viralt. Ho enda opp i fleire saker i ulike medium, og responsen var enorm.
– Eg visste ikkje at det kom til å gå viralt. Folk seier eg er modig, men det var ikkje planen min at hundretusenvis av folk skulle sjå det.
Skjermopptak dato:
Ho fekk hundrevis av meldingar frå menneske i same situasjon.
– Det overraska meg eigentleg ikkje kor mange som var einsame. Det er trist at det er sånn.
Annika oppmodar andre som kjenner på einsemd til å tore å ta initiativ til å bli kjent med nokon, same kor skummelt det er.
– Viss ein er frå ein liten by, høyrer ein ofte ting om ein person. Det å tore å leggje frå seg fordommane sine, ta ein sjanse med folk og bli kjent med ein person på eiga hand – og ikkje ut frå andre sine meiningar, det trur eg er viktig.
Før Annika Sjøli fekk meldinga frå Sara kjende ho seg heilt åleine i verda.
Foto: Remi Sagen / NRKSara har også eit tips til andre som ønskjer å hjelpe nokon som er einsame.
– Det er fleire som kan ta tak å inkludere og spørje. Det skader ikkje å sende den meldinga. Du har ingenting å tape på det. Det verste som kan skje er at du ikkje får svar.
Etter at Sara strekte ut handa, og Annika tok ho imot, er no ho ein del av ein større gjeng. Ein gjeng som er oppteken av inkludering, ifølgje dei sjølv.
– Vi er ein veldig open gjeng. Ein er velkommen. Det er alltid plass til ein til, seier Sara.
– Det er aldri for fullt, legg Annika til.
Sara Strande og Annika Sjøli har no fått eit nært vennskap.
Foto: Remi Sagen / NRK– Tør å dra på event åleine
Fleire undersøkingar som SSB analyse har sett på viser at det er størst auke i einsemd blant unge og personar under 35 år som bur åleine. Auken var spesielt stor under koronapandemien.
Ei som merka at mange kjende seg einsam i Ålesundsområdet og valde å ta grep, er Maiken Aas. Ho er arrangementsansvarleg ved restauranten og utestaden T2.
– Eg har også sjølv kjent på det å vere einsam, og så tenkte eg at eg har eit gyllent høve til å gjere noko med dette, seier ho.
Maiken Aas, arrangementsansvarleg ved T2 i Ålesund, ville hjelpe andre som var einsam og bestemte seg for å arrangere speedfriending.
Foto: Remi Sagen / NRKAas bestemde seg for å arrangere speedfriending, noko som vart ein såpass stor suksess at det har vorte ei fast greie. Neste gong er 1. juni.
– Har du ein hobby eller noko du liker, kan du engasjere deg i det for å få eit nettverk. Eller berre prøve noko nytt. Det å faktisk tore å dra på event åleine – det trur eg er viktig.
Sjølv har ho sett fleire som har komme åleine på konsertar og andre event åleine, men som har funne seg fleire å henge med der.
– Det er berre ein sjølv som har makta til å gjere noko med einsemda. Eg kjende det sjølv då eg var einsam, der skummelt det var å bryte komfortsona og gjere noko med det. Men ein må vise initiativ på eiga hand for at det skal bli betre, seier ho.