Hopp til innhold

Anna (67) reiser heim til Ukraina – saknet vart for stort

Ho flykta til Ålesund for litt over ein månad sidan. No drar Anna Vasylevska tilbake til mannen sin.

Anna Vasylevska frå Ukraina.

ÅLESUND: Anna Vasylevska har budd saman med dottera si Alla Vasylevska i Ålesund. Alla har budd i Noreg i tre år saman med mannen sin og ei dotter.

Foto: Berge Myrene / NRK

Anna måtte forlate ein sjuk mann då ho måtte flykte frå Ukraina. Men lengselen vart så stor at ho no har vald å reise tilbake.

– Eg saknar mannen min veldig mykje. Det er fint å vere i Noreg, men saknet er så stort at det gjer vondt, seier Anna Vasylevska.

Ho har budd saman med dotter Alla Vasylevska og barnebarnet Anastazja Gorzna i ei lita leilegheit i Ålesund. Dottera har budd i Noreg i over tre år.

Anna Vasylevska har budd saman med dotter Alla Vasylevska og barnebarnet Anastazja Gorzna i Ålesund sidan april.

FAMILIE: Anna Vasylevska saman med barnebarnet og dottera si i Ålesund.

Foto: Berge Myrene / Berge Myrene

Ho ser på det som trygt å reise tilbake til heimbyen sin Vinnijtsja, som ligg om lag 300 kilometer frå hovudstaden Kyiv.

– Akkurat no er det trygt og roleg der.

Mannen hennar er 58 år, og dei frykta han ikkje fekk forlate landet, fordi menn mellom 18 og 60 år ikkje får lov til å forlate Ukraina. Dermed måtte han bli igjen.

Ho var med på 17. mai feiringa i Ålesund. Det synest ho var heilt fantastisk. Ho takkar Noreg for den varme velkomsten ho har fått. Men ho føler at ho må reise tilbake

– Det er blanda kjensler. Det var skummelt å reise frå Ukraina, og det er skummelt å reise tilbake. Men saknet er så stort at eg føler eg må tilbake, seier Anna medan tårene renn nedover kinnet.

Reiser via Polen

Reiseruta til Anna går frå Ålesund med fly til Gdansk i Polen. Frå Polen går det ein buss direkte til Vinnijtsja der ho har huset sitt.

Utlendingsdirektoratet seier dei ikkje har oversikt over kor mange flyktningar som er busett i Noreg som no vel å reise heim, fordi dei ikkje er pliktige til å melde seg til norske myndigheiter.

Den Ukrainske ambassaden i Noreg seier dei blir kontakta av flyktningar frå Ukraina som lurer på om dei kan reise tilbake til heimlandet.

Det gjer også Norsk organisasjon for asylsøkarar (Noas). Dei får spørsmål om kva som skjer med dei om dei vel å reise.

Vi anbefaler at dei tenker over det, og fattar denne avgjerda sjølv. For mange ukrainarar er spørsmålet, er det trygt nok, seier Pål Nesse i generalsekretær i Noas.

Nesse fortel at dei har familie som dei er bekymra for, mange har forlate fedrar og ektefellar. Dei lurer også på om huset deira framleis står, om dei skal ta sjansen på å reise heim.

Generalsekretær i Noas, Pål Nesse.

TAR KONTAKT: Mange frå Ukraina tar kontakt med Noas i desse dagar. Dei lurer spesielt på om dei mistar nokon rettar i Noreg om dei vel å reise heim.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

Han peiker på at situasjonen framleis er uavklart i Ukraina. Men om nokon vel å reiser heim, så mistar dei ingen rettar i Noreg.

Anna Vasylevska seier ho kjenner mange som no reiser heim til Ukraina. Ho gler seg mest til å komme heim til hagen sin, der ho dyrkar grønsaker.

– Eg dyrkar agurkar og tomatar. No må eg heim for å sette løk og poteter, seier ho.