I dette krysset var Ann-Mari millimeter unna å køyre på ein syklist

Ann-Mari Heggem Steinan såg ikkje ungdommen som sykla utan refleks i mørket. – Eg var så redd at eg trur eg tissa på meg, seier Steinan.

Vegkryss på Åndalsnes, der Ann-Mari Heggem Steinan heldt på å køyre på ein syklist

Det var mørkt og regn då ein syklist utan refleks plutseleg stod framfor bilen til Ann-Mari Heggem Steinan.

Foto: Privat

Tobarnsmora frå Åndalsnes i Rauma skulle køyre til butikken om kvelden, då ho måtte bråbremse. Ein syklist var plutseleg millimeter framfor bilen hennar i fotgjengarfeltet.

– Eg trur eg sneia han. Eg var så redd at eg trur eg tissa på meg. Han kom syklande så fort og uventa, seier Ann-Mari Heggem Steinan.

Mangla refleks

Det var mørkt og det regna, men syklisten i ungdomsskulealder hadde ikkje på seg refleks. Han hadde heller ikkje lys på sykkelen og hadde mørke klede.

Ann-Mari Heggem Steinan

Ann-Mari Heggem Steinan oppmodar no folk om å bruke refleks etter skrekkopplevinga ho hadde.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Steinan hadde lav fart, men var i ferd med å gasse opp. Ho trur at dersom ho hadde treft guten hadde han blitt liggande i vegbanen og kunne blitt påkøyrd av andre bilistar.

– Det var verkeleg skremmande. Eg grøssar av å tenke på det, seier kvinna. Ho trur ho hadde fått skulda dersom guten hadde blitt påkøyrd, sjølv om ho meiner at ho ikkje gjorde noko feil.

Prata med mora

Tobarnsmora jobbar på skule og kjenner barna i bygda. Ho tok difor kontakt med guten si mor.

– Eg forklarte situasjonen, slik at ho kan snakke med han i tilfelle han var like redd som eg, seier Steinan. NRK har vore i kontakt med mora til syklisten, men ho vil ikkje kommentere saka.

Ann-Mari Heggem Steinan har no gått ut i sosiale medium og oppmoda bygdefolket om å bruke refleks. Ho meiner det er spesielt ungdomar som er dårlege til å ha på seg refleks og trur grunnen er at refleks ikkje er kult.

– Det er stygt å seie det, men det verkar nesten som det må skje ei ulykke i næraste venekrets for at det skal skje noko, seier Steinan

Vaksne menn er verstingar

Under 40 prosent av vaksne folk brukar refleks dagleg, viser tal frå Trygg Trafikk. Seniorrådgivar Paal-Gunnar Mathisen seier at det er menn som er verst.

Paal-Gunnar Mathisen, Trygg trafikk

Seniorrådgivar i Trygg Trafikk, Paal-Gunnar Mathisen, seier at refleksbruken er altfor dårleg.

Foto: Trygg trafikk

– Vaksne mannfolk vel å ikkje bruke refleks, fordi dei ikkje ferdast i trafikken, meiner dei. Barn er synlegare i trafikken fordi dei ofte har refleksdetaljar på tøy og støvlar, seier Mathisen.

21. oktober markerer Trygg Trafikk refleksens dag for å få fleire til å bli synlege i mørket.

Passar betre på

Nestenulykka skjedde for få dagar sidan. Framleis sit opplevinga i kroppen. Etter det som skjedde er tobarnsmora endå meir forsiktig i vegkrysset, like ved der ho bur.

– Eg tenker meg ganske godt om og ser meg endå betre om enn eg gjer til vanleg, seier Steinan.

LES OGSÅ: