Hopp til innhold

Ankesaka til overgrepsdømd bestefar byrjar måndag

Måndag byrjar ankesaka mot ein bestefar som i tingretten blei dømd til fengsel i over fem år for seksuelle overgrep mot barnebarnet sitt.

Rettsal 2, Sunnmøre tingrett

Det er sett av åtte dagar til den overgrepsdømde bestefaren i ankesak i Frostating lagmannsrett.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Mannen i 60-åra blei i februar dømd til fengsel i 5 1/2 år etter å ha forgripe seg mot barnebarnet sitt frå ho var sju år. I tillegg til fengselsstraffa blei han i Søre Sunnmøre tingrett dømd til å betale over fire millionar kroner i erstatning til jenta.

Bestefaren anka dommen og måndag byrjar ankesaka i Frostating lagmannsrett.

Grove seksuelle overgrep

I dommen frå februar kjem det fram at Søre Sunnmøre tingrett trur på jenta, og ser heilt vekk frå mannen si forklaring.

Fengselsstraffa på 5 1/2 år er på eit halvt år lengre enn aktor kravde.

Det er riksadvokaten som har tatt ut delar av tiltalen. Det gjeld den mest alvorlege delen av tiltalen, punktet om at mannen i 60-åra skal ha utført fleire grove seksuelle overgrep mot barnebarnet sitt då ho var berre sju år gamal.

Dette skal ha skjedd i tida rundt 2004.

Statsadvokaten har i tillegg tatt ut tiltale på to punkt: seksuelle overgrep i 2007 og 2011. For bestefaren skal ha forgripe seg på nytt mot jenta då ho var blitt ti år gamal, og også då ho var 14 år gamal. Dette skal ha skjedd i samband med overnattingsbesøk hos bestefaren.

Det er sett av åtte dagar i Frostating lagmannsrett til ankesaka.

Les også: