Ankesak etter valdtektsdom

I dag startar ankesaka mot to utanlandske menn som i sommar blei dømd til fengsel i fem og seks år for fleire valdtekter av ei jente i Romsdal. Den eldste av brørne er også dømd for overgrep mot ei anna jente. Begge brørne nekta straffskuld då saka var oppe i tingretten i sommar. Det er sett av fem dagar til saka i Frostating lagmannsrett.