Hopp til innhold

Ankesak etter feildiagnose og nedslakting

I dag startar ankesaka etter at oppdrettsselskapet Måsøval blei tilkjent ei erstatning på over 12 millionar kroner frå staten.

Anlegget Kattholmen i Kristiansund blei feildiagnostisert med pankreassjukdom i 2019, og Måsøval slakta store mengder laks før det blei oppdaga at diagnosen var feil.

Selskapet kravde nesten 30 millionar for fortenestetap og utgifter.

Selskapet fekk medhald i tingretten, men saka blei anka til lagmannsretten.