NRK Meny

Ankar til Høgsterett

Grunneigarar i Eide ankar til høgsterett, etter at dei to gongar har tapt millionsøksmålet mot bedrifta Hustadkalk. Grunneigarane meiner dei har krav på deler av inntektene frå salet av eklogitt. Steinen blei lenge rekna for å vere eit avfallsprodukt, men har dei siste åra blitt lønsam. Advokaten til grunneigarane, Thomas Rindahl Håkonsen, meiner lagmannsretten har tolka lovverket feil og seier dei også ankar på grunn av saksbehandlingsfeil.

Odd Visnes t.v. og Frank Visnes
Foto: Eirik Haukenes / NRK