Hopp til innhold

Ankar ikkje sjukehussaka

Kristiansundspolitikarane bestemte seg tysdag ettermiddag for å droppe vidare anke av sjukehussaka til Høgsterett.

Bystyret i Kristiansund

Det var klart fleirtal tysdag ettermiddag for å setje strek i sjukehussaka. Det blir ingen nye rettsrundar om plasseringa av det nye sjukehuset.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Tysdag ettermiddag røysta 27 mot og 18 for anke, dermed blir det ingen runde i Høgsterett, slik mindretalet ønskte.

Debatten om kvar det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal plasserast, har vore heftig debattert frå første stund.

– No er jobben vår å jobbe for sjukehussaka utanfor rettsalen, i dialog med helseføretaket, sa ordførar Kjell Neergaard (Ap) tysdag kveld.

Intens kamp om kvar sjukehuset skulle ligge

Då det blei bestemt at sjukehuset skal plasserast på Hjelset i Molde, blei det ramaskrik lenger nord i fylket. Det resulterte i at Kristiansund kommune gjekk til sak mot Helse Midt-Noreg. Under opninga av rettssaka karakteriserte Kristiansund kommune sin advokat, Kjetil Vedervang, prosessen som pil roten.

Men dei vann ikkje fram, og tapte både i tingretten og i lagmannsretten.

– Saka har blitt rettsleg vurdert svært grundig både i tingretten og lagmannsretten, og eg ser ikkje at det blir noko anna rettsleg resultat, det er fånyttes, slik eg ser det, sa bystyrerepresentant Per Sefland (V) rett i forkant av avrøystinga tysdag ettermiddag.

Per Sefland

Per Sefland syns det er på høg tid å sjå framover no. Tysdag ettermiddag stemte han mot ny anke av sjukehussaka.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Les også:

– Vil fullføre løpet

Men ikkje alle var samde med Sefland. Berit Frey (Sp) meiner saka ville tent på ein runde til i retten.

Berit Frey

Berit Frey (Sp) ville anke til Høgsterett, men fekk ikkje medhald i bystyret tysdag ettermiddag.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Vi vil fullføre det løpet vi har begynt på, og det meiner eg det var semje om i bystyret i juni 2015, då vi bestemte oss for å gå til rettssak, seier ho.

Ho får støtte av Geir Nordli frå Helsepartiet.

– Eg er sikker på at det er rett, både på grunn av dei prosessane som har vore og den urettferdige behandlinga, seier han.

Geir Nordli

Geir Nordli frå Helsepartiet held fast på at prosessane som førte fram til vedtaket om å bygge sjukehus i Molde, var slik at dei bør prøvast for retten også ein tredje gong.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Ho seier ingen i bystyresalen har kompetanse til å vurdere om saka bør prøvast for Høgsterett.

Tidlegare i august blei det klart at Kristiansund tapte saka mot Helse Midt-Noreg igjen. Retten var ikkje samd med politikarane om at vedtaket om plasseringa av det nye fellessjukehuset var ugyldig.

Kommunen tapte først i tingretten, men anka, og tapte også i lagmannsretten.

Meiner løpet er fullført

Sefland meiner det bør vere nok med to rundar i retten, og var ein av dei som røysta imot å gå vidare med saka til Høgsterett. Slik blei også vedtaket i bystyret tysdag.

– Eg syns heile saka må stoppe, ein har sprunge heile løypa heilt til endes, no må ein legge den bak seg, og satse meir på å få eit best mogleg helse- og omsorgstilbod for Kristiansund og Nordmøre, la Sefland til.