Ankar dommen til lagmannsretten
Sorenskrivar Ole Ødegård på Nordmøre ankar til lagmannsretten. Tidlegare i mars blei han dømd til fengsel i 30 dagar for å ha loge om forholdet til den tidlegare kjæresten sin. Forsvarar Halvard Helle seier til NRK at dei ankar både på grunn av bevisdømminga og lovbruken. Ødegård held framleis fast på at han ikkje medvite forklarte seg falskt for retten, slik han er skulda for.