Dømt for vald med trestokk
Ein mann frå Nordmøre er dømt til fengsel i ti månader for grov kroppsskade. Mannen i 30-åra skal ifølge dommen ha slått ein mann gjentatte gonger i andletet, hovudet og kroppen med ein stokk i februar. Dette førte til at mannen mellom anna fekk påført ei bløding i hjernen og brot i ryggen og i ein finger. ifølgje dommen skal det vere snakk om minst 20 slag. Den dømde må også betale 50.000 kroner i erstatning til mannen.