NRK Meny
Normal

Molde fullstendig overlegne mot Ventspils

Etter eit sjansesløs av dimensjonar i første omgang, losna det etter pause. Davy Claude Angan scora to, og Molde vann 3–0 over Ventspils.

Molde

Vegard Forren sette inn 2–0 på straffe mot Ventspils.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Molde var storfavoritt mot Ventspils, og før kampen sa Solskjær at målet er å halde nullen.

Blåtrøyene var det beste laget òg.

Allereie i det fjerde minutt kontra heimelaget, og høgreving Joshua Gatt gjekk mot mål. Han spelte ut til Davy Claude Angan, som skaut – midt på keeper.

To minutt seinare blei Jo Inge Berget spelt gjennom av Mattias Moström. Åleine med keeper Uvarenko blei – dessverre for Molde – avslutninga for svak.

Gigantisk moglegheit for Angan

Etter 10 minutt kom latviarane betre med i kampen. Ventspils fekk frispark på Molde sin halvdel ved to høve, men sjansane uteblei.

Molde tok kommandoen igjen, og etter 30 minutt såg det umogleg ut å ikkje score. Det var derimot Davy Claude Angan som kom åleine med keeper.

Både Jo Inge Berget og Joshua Gatt kom stormande saman med Angan på kontring. Angan kunne trilla ballen til side og Molde hadde leia 1–0.

Hans eigen skotposisjon var derimot god, men utruleg nok gjekk avslutninga til side for mål.

Fem minutt seinare var det ikkje ei elendig avslutning som hindra scoring, men regelrett uflaks.

Joshua Gatt slo fint inn, og Magne Hoseth fekk knalltreff frå 14 meter. Skotet hans gjekk derimot i tverrliggjaren og ut, og endå ein gong gjekk det eit skuffa brus gjennom publikum på Aker Stadion.

Saka held fram under bildet.

Hoseth

Ein skadd Magne Hoseth måtte bytte like før pause. Midtbaneveteranen heldt seg til kneet i det han hinka av banen.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

Hoseth ut med skade – 0–0 til pause

I det 38. minutt kom Molde seg til nok ei stor moglegheit.

Først fekk Angan skote frå skrått hald, før Magnus Wolff Eikrem skaut over på returen.

Heimelaget, i flunkande nye drakter, heldt oppe trykket inn mot pause, men scoringa kom aldri.

I tillegg måtte Molde sin midtbaneelegant Magne Hoseth ut med skade. Hoseth heldt seg til kneet, og bytta med ein annan veteran, nemleg Daniel Berg Hestad.

Molde hadde framleis meir å gå på spelemessig, men var likevel suverene i sjansestatistikken.

Dommaren bles for tidleg – men frisparket blei til scoring

Davy Claude Angan

Davy Claude Angan, her frå oppgjeret mot Tromsø, scora to mot Ventspils.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Heimelaget i blått gjekk ut på same måte i andre omgang som i første. Ventspils la seg lågt, og Molde heldt på ballen.

Etter 52 minutt såg det ut til at 1–0 skulle kome. Daniel Berg Hestad fekk spelt ut til Joshua Gatt. Hestad blei felt, men Gatt kom åleine med keeper. Dommaren bles litt for tidleg, og Molde fekk frispark på 22 meter.

Publikum var misfornøgde, men etter at frisparket var avslutta var buing snudd til jubel. For eit godt slått frispark av Wolff Eikrem enda til slutt i føtene på Angan, som fekk pirka inn 1–0.

Ventspils verka ufarlege, og i det 68. minutt var fire gule kort det einaste latviarane hadde fått ut av kampen.

Molde hadde fleire halvsjansar, og trykka veldig på, før 2–0 kom i det 74. minutt.

Berget felt – Forren ekspederte

For i det 74. minutt kom Jo Inge Berget seg inn i 16-meteren, før han blei felt av Olegs Timofejevs. Dommaren var ikkje i tvil, og peikte instinktivt på straffemerket.

Der gjekk Vegard Forren roleg fram, før han banka inn 2–0.

Det sendte dei nærmare 8000 frammøtte til himmels. Molde heldt oppe trykket, og i det 83. minutt blei det ny jubel.

Angan laga 3–0 på vakkert vis

Davy Claude Angan er toppscorar i Tippeligaen med 10 mål, men spissen er kjent for å trenge mange sjansar per scoring.

Det var status mot Ventspils òg, for i første omgang gjekk ingenting i mål. I andre omgang var Angan meir klinisk.

I det 83. minutt fekk han ballen på venstresida. Éin forsvarsspelar og keeper var mellom Angan og mål. Forsvarsspelaren blei finta på bakken, før ballen enda knallhardt i nettet til 3–0.

Like før full tid banka venstreback Knut Olav Rindarøy til frå distanse, og ballen small i lengste stolpe. På den påfølgjande corneren trefte innbytar Daniel Chima Chukwu godt, men bortekeeperen redda.

Det enda 3–0 til Molde. Dermed er blåtrøyene sikra eit fantastisk utgangspunkt før bortekampen mot Ventspils. Den blir spelt neste veke.

Lagoppstillingar:

Molde (4-2-1-3): Espen Bugge Pettersen–Knut Olav Rindarøy, Vegard Forren, Even Hovland, Martin Linnes–Magnus Wolff Eikrem, Mange Hoseth–Jo Inge Berget–Mattias Moström, Davy Claude Angan, Joshua Gatt.

Benken: Ole Söderberg, Kristoffer Vatshaug, Daniel Berg Hestad, Magne Simonsen, Magnus Stamnestrø, Daniel Chima Chukwu, Zlatco Tripic.

Ventspils (4-2-3-1): Maksiks Uvarenko–Olegs Timofejevs, Vitalijs Smirnovs, Mikhail Badyautdinov, Antons Kurakins–Simonas Paulius, Igor Gilmanov–Yosuke Saito, Vladislavs Kozlovs, Danilis Turkovs–Frederico Martinez.

Benk: Vitaliijs Melnicenko, Viraliijs Barinovs, Edgards Vedins, Pavels Hovlovs, Olegs Zatkins, Kaspars Svarups, Raivis Hsanovic.