Hopp til innhold

Du kan bestemme kva som skal dyrkast

Folk engasjerer seg meir i korleis maten blir produsert på garden. Andelslandbruk er ein veksande trend som skal få deg til å vere meir bevisst på kva du et.

Andelslandbruk der folk engasjerer seg i maten som blir produsert er ein veksande trend.

Alexandra Devik frå Oikos seier at andelslandbruk er ein veksande trend over heile landet. For få år sidan var det berre fire slike bruk i Norge, no popper det opp stadig nye.

Petter Velle

Petter Velle har vore gardbrukar i mange år. No kallar han seg for dreng, fordi han har gitt frå seg drifta av garden til sonen.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Faktisk så forstår eg ikkje at folk kastar vekk pengane sine på kunstgjødsel.

Petter Velle

Petter Velle er ein gardbrukar med eit brennande engasjement for korleis maten blir til. Gleda av det å drive gard og det å få dele kunnskapen om kvar maten kjem frå er noko av det som har fått entusiastar til å starte andelsbruk i Velledalen i Sykkylven.

På Sunnmøre og i Romsdal er tre andelslandbruk i ferd med å starte opp, og i Velledalen har dei stor tru på at dette er noko som vil vekse fram i krikar og krokar over heile landet.

Gardbrukaren prøver noko nytt

Velle seier at folk at mange forskjellige ønskjer til kva slags grønsaker dei vil ha. Difor må dei nok førebu seg på å dyrke litt av kvart.

– Dette er like nytt for oss som for dei som har meldt seg på, seier Petter Velle som er med å starte opp andelslandbruket. Han trur at denne ordninga kan folk til å vere meir bevisste.

Økologisk uansett

I eit andelsbruk får forbrukaren kjøpe ein del og deretter hauste avlinga på garden. Det var gjennom grendelaget som han er leiar for, Velledalen i Balanse, ideen kom. Saman med Nils Drabløs, som og har vore bonde i mange år, har dei stor tru på at dei skal få det til. Men det er viktig at alt er økologisk.

– Vi vil produsere alt utan sprøytemiddel og kunstgjødsel. Vi har drive på den måten i 25 år, og vi har ikkje sett noko nedgang i avling. Faktisk så forstår eg ikkje at folk kastar vekk pengane sine på kunstgjødsel, seier Velle.

Dei som vil vere ein del av andelslandbruket ønskjer at alt er økologisk, ifølgje Velle. Dei har no planta grønsaker til om lag tretti personar, og allereie har tjue personar meldt seg til å vere med i andelsbruket. Dei er sikre på at det ikkje vil ta lang tid før kvoten er full.

Petter Velle og Nils Drabløs

Petter Velle og Nils Drabløs trur at andelsbruket kan gjere folk meir bevisste på korleis maten blir til.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Interessa er stor

Velle skal setje to mål med poteter. I tillegg skal dei også dyrke løk og gulrot. Mange har vist interesse for bruket. Gardbrukarane Velle og Drabløs meiner at avstanden mellom bonden og forbrukaren har blitt større og større med åra.

– Mange har lyst til å kome nærare jordbruket, og vi trur at andelsbruk er ein bra måte å få det til på. Mange folk veit ikkje kva jordbruket er, og vi er avhengige av at dei vil ha varene våre, seier Drabløs.

På ein kafé i Ålesund blir andelsbruket skipa. Dei fleste som har meldt seg på så langt bor i byen.

– Folk treng å kome seg ut å sjå levande liv. Mange viser interessa for å vere med å jobbe, sjølv om ikkje det er avgjerande for om ein kan bli med. Vi opplever at mange er på jakt etter å lære meir, seier bonden.

Kyr

Våren betyr full fest for kyrne, som endeleg får sleppe ut av fjøset etter ein lang vinter. Dei som får vere med på andelsbruk får gjerne oppleve meir enn berre å hauste avlingane. Dyra kan vere minst like spennande.

Populært med andelsbruk

Elias Roald

Elias Roald driv gard på Vigra. Han har òg starta andelsbruk frå eigen gard.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Elias Roald er gardseigar på Vigra i Giske kommune. Han har også hive seg på andelsbølgja, og potetene er allereie i jorda.

– Vi har begynt litt smått, men vi håper å kunne produsere meir og drive enda større neste år, seier Roald som meiner at målet med dette er at folk skal få eit nærare forhold til den maten dei et.

I tillegg til andelsbruket i Velledalen, på Vigra og i Vestnes er det også nokre som vil prøve det same lenger nord. Kirsti Pernille Indreeide, som er rådgjevar for lokalmat og økologisk landbruk på Landbruksavdelinga i Møre og Romsdal, seier at også på Nordmøre er det tre gardar som har konkrete planar om å starte opp. Ho er svært glad for at dette er ein trend som veks fram.

– Landbruksavdelinga hjå fylkesmannen vil gjerne bidra med det vi kan, seier Indreeide.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL