Hopp til innhold

Slik trenar du når snøen uteblir

Det er håp for dei som ikkje får brukt skia. – Tren crossfit, seier personleg trenar.

Crossfit John Holmstedt

– Crossfit dekkjer alle typar fysiske eigenskapar, som styrke, uthald, balanse og fleksibilitet, seier personleg trenar John Holmstedt.

Foto: Jan Åge Sundnes

Crossfit John Holmstedt 3

John Holmstedt er personleg trenar og får mange førespurnader no når skigåarane manglar snø.

Foto: Jan Åge Sundnes
Crossfit ringar

Her viser trenaren korleis ein kan bruke ringar i treninga.

Foto: Jan Åge Sundnes

Dei som nyttar skigåing som trening står i fare for å kome ut av form dette vinterhalvåret. Ei god erstatning for å få bukt med den oppsamla energien kan vere crossfit-øvingar.

John Holmstedt er personleg trenar ved Pulssenteret og Spjelkavik treningssenter. Han seier det er ganske mange som kjem innom treningssentra og lurer på alternative måtar å trene på når snøen er borte.

Trenar heile kroppen

Holmstedt er stor tilhengar av variert trening, og viser alltid folk til å bruke crossfit fordi det er ein funksjonell treningsmåte. Crossfit dekkjer alle typar fysiske eigenskapar, som uthald, styrke, balanse og fleksibilitet.

– Ein spesialiserer seg ikkje i nokon idrett med crossfit. Likevel kan ein verte betre i det ein held på med fordi treninga dekker heile kroppen, seier Holmstedt, og presiserer at ein ikkje vert best i noko, men får gode fysiske eigenskapar i alt.

LES OGSÅ:

Steinalderdiett

Skal ein få maks ut av crossfit-treninga bør ein halde seg til den såkalte steinalderdietten, meinar treneren.

Tilhengjarar av treningsforma hevder på crossfit.com at evolusjonen ikkje har halde følgje med utviklinga i jordbruket og i matproduksjonen. Det har gitt det moderne mennesket helseplager som hjertesvikt, diabetes og beinskjørheit.

Enkelt skrive bør ein diett som samsvarar med treningsforma crossfit basere seg på grønsaker, magert kjøt, nøtter, frø, bær samt noko stivelse. Raffinert sukker skal ein kutte ned på.

– Om du held kroppen rein og et det som kroppen treng vil du merke større effekt av treninga. Det er anbafalt kost for dei som trenar på denne måten. Det er ein krevjande sport, seier Holmstedt.

Kvardagsrørsler

Crossfit byggjer på øvingar med høg intensitet. Det viktigaste er dei funksjonelle rørslene, altså rørsler ein ofte gjer i kvardagen. Om du er ung eller gammal, så kan alle øvingar tilpassast. Om du er godt eller dårleg trent, så er tanken bak det heile at alle er like slitne etter ei treningsøkt, forklarer trenaren.

Det typiske er å bruke basisøvingar, som til dømes knebøy. Mange likar å prøve seg på olympiske løft, men det viktigaste er at treninga er tilpassa den enkelte.

– Bør trene crossfit uansett

Holmstedt har ingen spesielle øvingar han vil anbefale til skigåarar. Dei vil ha stort utbyte av crossfit likevel fordi det er så variert trening.

–Ein langrennsløpar bruker mykje armar og bein. Trening av til dømes knebøy og markløft trenar musklane på baksida av låra og rumpa. Men desse øvingane passar for alle andre også, seier den personlege trenaren.

Han meiner at alle vil ha godt av litt crossfit med basisøvingar og intervalltreningar for å halde ved like kondisjonen. Klarer ein å utføre alle øvingane vil også kvardagen verte lettare.

Crossfit-øvingar



SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL