Hopp til innhold

Ampert etter AaFK-RBK

Aalesund-trenar Kjetil Rekdal og AaFK-toppscorar Tor Hogne Aarøy var rasande på Rosenborg-spelaren Anthony Annan i går.

Aarøy seier han blei biten av Annan, og Rekdal seier Annan tok tak i underlivet på ein av AaFK-spelarane.

Tabelltoar AaFK spelte 1-1 heime mot serieleiar RBK.

Rekdal vil ikkje vere med på at kampen viser at laget hans blir å rekne med på øvre tabellhalvdel i år.