Hopp til innhold

Ikkje Orderud-ammunisjon

Ammunisjonen som blei funnen ved Atlanterhavsvegen i helga kan ikkje knytast til Orderud-drapa.

Atlanterhavsvegen 21. mars 08
Foto: Solveig Irene Smørholm

Det seier politimeister på Nordmøre og i Romsdal, Arnstein Nilssen.

Ammunisjon

Arnstein Nilssen

Politimeister på Nordmøre og i Romsdal, Arnstein Nilssen.

Foto: Sissel Helen Kvalvik / NRK

I helga var dykkarar nede i Storseisundet ved Atlanterhavsvegen for å leite etter våpen som kan knytast til Orderudsaka. Leitinga var resultatlaus, men det blei funne store menger ammunisjon. Politimeister Arnstein Nilssen seier ammunisjonen er slikt som folk har kvitta seg med, og ikkje noko ein kan knyte til Orderud-saka.

Ingen kommentar

Politiet ønsker ikkje å kommentere leitinga på Averøya etter eit mogeleg drapsvåpen knytta til Orderudsaka. Heller ikkje lensmann Toril Nervik Nilsen i Sørum som hadde Orderud-saka vil kome med nokon kommentar no. - Saka er avslutta i Høgsterett, og dermed er det ikkje meir å kommentere, meiner ho.

Trur våpenet ligg i sundet

Tore Sandberg

Privatetterforskar Tore Sandberg.

Foto: ALEKSANDER NORDAHL / Scanpix

Det er privatetterforskar Tore Sandberg som på oppdrag frå det drapsdømde ekteparet Per og Veronica Orderud har sett i gang leiting etter eit våpen under Storseisundbrua.

Fann ikkje Orderud-våpen

- Vi tok opp 120 patronar eller skarpe skot. Og det er minst ti gonger så mykje som ligger att på botnen, seier Tore Sandberg til NRK. Sandberg seier at dersom vitnehistoria som han baserer søket på er sann,så er det framleis fullt mogleg at våpenet kan ligge i området.

- Om vi gjer fleire søk er eit økonomisk spørsmål så det kan eg ikke svare på no. Men sjølv har eg lyst til å leite vidare, seier Sandberg

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL