Sist veke beslagla politiet i Ålesund 1000 brukardosar amfetamin til ein gateverdi på rundt 180.000 kroner.
Amfetamin er ikkje nytt i byen, men skadeverknadene kjem no tydeleg fram.
- Amfetaminmisbruk fører til fleire psykotiske og psykiske problem. Psykosane går fort over, men problemene misbruket fører med seg kan gi varige hjerneskadar ved bruk over lengre tid, seier Grønstad.
Grønstad meiner det er viktig at politiet greier å stoppe ein del av dei store mengdene amfetamin som kjem til Ålesund.