Hopp til innhold

Amerikanske gjester fekk ta over kafedrifta

Førre veke banka to amerikanske turistar på døra til kaffibrenneriet Jacu i Ålesund. Over ein kaffikopp fant dei tonen med eigarane, og no hjelper dei til i den vesle kafeen i Parkgata.

Jacu i Ålesund

Anne Birte Bjørdal Hanken saman med ekteparet James og Katy Holk frå Portland, Oregon.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Bak disken ved Jacu i Ålesund står ein høg mann med mørkt hår og ønskjer velkommen. «Hello, how can I help you?» spør han med amerikansk aksent og smiler.

Jacu Ålesund

Anne Birte Bjørdal Hanken og James Hulk bak disken på Jacu.

Foto: Silje Bjerknes / nrk

Det er no litt over ei veke sidan det amerikanske ekteparet Katy og James Holk frå Portland, Oregon, gjekk inn døra på kaffibrenneriet i Parkgata.

– Vi hadde eigentleg stengt den dagen, men dei hadde sykla veldig langt for å kome hit, så eg hadde ikkje hjarte til å sende dei på dør, seier Anne Birte Bjørdal Hanken, dagleg leiar på Jacu.

Hanken inviterte dei to turistane inn, og over ein varm kaffikopp snakka dei om delte interesse, felles kjenningar og sjølvsagt lidenskapen for kaffi.

Fekk overnatte på loftet

Dei gjekk så godt overeins at Hanken rett og slett bad dei om å bli.

James Hulk på jacu

James Hulk er godt i gong med å lage kaffi til ein av kundane på Jacu.

Foto: Silje Bjerknes / Nrk

– Dei fortalde at dei skulle tilbake til teltet sitt på campingplassen. Vi har ledig plass på loftet så eg inviterte dei til å bu her, seier ho.

Ekteparet frå Portland takka ja, og morgonen etter stod dei klar klokka 09.00 for å hjelpe til i kaffibrenneriet, som takk for at dei fekk bu der.

– Det er ein vinn-vinn situasjon for oss begge. Både Katy og James har erfaring frå kaffi-bransjen. Vi lærer av dei, og dei av oss, seier Hanken og ser smilande bort på James som akkurat gir frå seg ein kopp varm kakao til ein av kundane.

– Jacu var førsteprioritet

Katy og James kom til Noreg for om lag ein månad sidan, og har sidan den gong reist land og strand som del av ein to månadar lang sykkelferie i Noreg.

Katy og james Hulk

Ekteparet Katy og James Hulk føler seg heime i Ålesund.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ålesund var i utgangspunktet ikkje eit av måla på reiseruta, men då det skjedde ei uventa endring i planane deira, bestemte paret seg for å vende snuten mot Ålesund.

– Vi tok ein sjanse og bestemte oss for å reise til Ålesund. Jacu var det første stoppet vi gjorde då vi kom hit, det var førsteprioritet, seier Katy.

James, som blant anna har jobba som barista og kaffibrennar i Portland, har hatt god kjennskap til Jacu.

– Eg har visst om dei sidan dei starta opp, og likar stilen deira og det dei gjer. Eg har alltid hatt lyst å besøke dei, så då vi bestemte oss for å reise til Ålesund så var det ei sjølvfølge å ta turen innom, fortel James som også har norske aner.

Hanken syntest det er spesielt at nokon vel å reise så langt for å besøke kaffibrenneriet deira.

– Det er ikkje første gong det har skjedd, men det betyr veldig mykje likevel. Det er klart det er smigrande, seier ho.

Overvelda over gjestfridomen

Ekteparet sett seg ned ved eit av borda og fortel om gjestfridomen dei har møtt på si reise rundt om kring i Noreg.

Jacu i ålesund

Jacu i Ålesund er i utgangspunktet eit kaffibrenneri, men kvar fredag har dei ope kafeen slik at folk kan kom å kjøpe kaffi.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Folk har vore utruleg opne, hyggelege og hjelpsame, seier Katy.

Men dei to hadde ikkje forventa å finne så stor gjestfridom som dei har gjort her i Ålesund.

– Vi kunne berre drøymt om ein slik velkomst. Vi skal vere i Noreg i nærare to månadar og hadde lyst å vere ein plass i ei lengre periode, for å bli kjent med lokalbefolkninga, seier James.

– Det har vi verkeleg fått her i Ålesund. Anne Birte og ektemannen Oliver har tatt oss imot med opne armar. Vi har også blitt godt kjent med kundane, seier Katy.

Ekteparet blir i Ålesund til neste torsdag og vil halde fram med å hjelpe til på kaffibrenneriet til dei reiser.

– Hjelpa deira gjer at vi kan halde ope heile veka. Det har vore utruleg kjekt å bli kjent med dei, og vi er veldig glad for å ha dei her, seier Hanken.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL