NCM hadde forkjøpsrett til resten av aksjane - som dei no har kjøpt for 350 millionar kroner.
Administrerande direktør i North Cape Minerals, Birger Solberg, seier administrasjonen til Olivin framleis skal vere i Vanylven, men ser ikkje bort frå reduksjon av staben:
- Vi må avklare om det er behov for en rasjonalisering av de stabsfunksjonene som både Olivin og NCM har, sier Solberg.
Allereie i mars 2001 selde staten 49% av aksjane sine i Olivin til North Cape Minerals (NMC). Salet var kontroversielt og forbunde med politiske tautrekkingar.
Hovudtillitsvald ved A/S Olivin i Vanylven Roger Eikeset seier dei tilsette no er letta over at salet av bergverksselskapet er over. Dei ser lysare på framtida, sjølv om dei går inn i noko nytt.
A/S Olivin er verdas leiande produsent av mineralet olivin og blei stifta av staten i 1948. Bedrifta har 206 tilsette.
North Cape Minerals utvinner mineral i Noreg og Sverige og har 230 tilsette.
I følge Eikeset frykter ikke de ansatte at de kan bli solgt videre fra selskapet.