Rammar pasientane
Seksjonsoverlege for luftambulansen, Kristen Rasmussen, er svært kritisk til forslaget om å ta bort legebemanninga frå ambulanseflyet. Han meiner at dette kjem til å ramme pasientane.
Det er dei dårlegaste pasientane som må følgjast av lege. Det er særleg viktig å ha legebemanning i ambulanseflyet i situasjoner der det er behov for rask behandling, seier Rasmussen. Han nemner som eksempel pasientar med hjarteproblem, hjerneblødning eller pasientar som lgg i respirator.
Eit tilbakesteg
Stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen(Ap)
Stortingsrepresentant Asmund Kristoffersen(Ap) meiner dette er eit tilbakesteg, og seier det svekkar det tilbodet som er etablert. Stortinget behandla den såkalla akuttmeldinga for tre år sidan, og Ålesund blei då nemnt som ein av fleire stadar som burde ha legebemanning på ambulanseflyet. Dersom legebemanninga fell bort er det i strid med det Stortinget har sagt om krava til ein sikrare og betre akuttmedisinske beredskap.
Pengemangel
Kristoffersen seier at han vil følgje saka grundig, men han forstår at leiinga i Helse Sunnmøre er økonomisk pressa. Helseforetaka manglar 2-3 milliardar kroner i forhold til drifta i dag, og noe er det opp til Stortinget å finne meir pengar, seier han. Pengemangelen i helseforetaka blir eit brennhett tema under forhandlingane i Stortinget, trur Kristoffersen som er helsepolitisk talsmann i Arbeidarpartiet.
Å ta vekk legebemanninga på ambulanseflyet skal spare Helse Sunnmøre for fire millionar kroner. Forslaget er eitt av mange i forsøket på å spare til saman 100 millionar kroner.
Dei tilsette er spente
Fyrst i morgon vert dei tillitsvalde og resten av dei tilsette orienterte om kuttlista. Då er dei tillitsvalde kalla inn til eit møte på sjukehuset i Ålesund.
I går fekk styret i helseføretaket sjå kuttforslaga, men førebels har dei ikkje laga ei prioritert liste.
Tillitsvalt i Yngre Legers Forening, Terje Vagstad, seier han er svært spent på kva som kjem fram på møtet i morgon.