Hopp til innhold

To personar sat fastklemt etter ulukke

Tre personar er lettare skadd etter ei trafikkulukke i Brusdalen torsdag ettermiddag.

Trafkkulukke Brusdalen 100316

Fire personar er sendt til legevakt og sjukehus etter ei trafikkulukke i Brusdalen.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Alle naudetatane rykka ut til ei trafikkulukke ved Reiakvam i Skodje i 16.30-tida torsdag. Ulukka skal ha skjedd på E39 og E136 ved Brusdal, i krysset til Gamle Brusdalsveg.

Det var tre bilar involvert i ulukka.

– Ein bil blei påkøyrt bakfrå av ein bergingsbil idet den skulle svinge av Brusdalsvegen. Denne bilen blei så skubba inn i motgåande køyrefelt der den kolliderte med ein annan bil, seier Arild Reite, operasjonsleiar ved politiet på Sunnmøre til NRK like før klokka 17.00.

To til sjukehus

Trafikkulukke

Tre personar er lettare skadd etter ei trafikkulukke i Brusdalen torsdag ettermiddag.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det var dei to personane som sat i bilen som blei påkøyrt som blei hardast skadd. Dei blei frakta til sjukehuset i Ålesund med ambulanse. Dei to sat fast i bilen og måtte frigjerast av mannskap frå brannvesenet.

Totalt fire personar blei sendt til legevakt og sjukehus etter trafikkulukka.

Ifølge Helse Møre og Romsdal skal ei kvinne i 20-åra, ein mann i 60 åra og ein mann i tenåra alle vere lettare skadd etter ulukka.

Anbefaler omkøyring

Ulukka førte til mykje kø i område og Statens vegvesen anbefalte omkøyring via Ellingsøya på fylkesveg 107.

Klokka 18.50 melder politiet av vegen no er open igjen.

Var fastklemt i bilen

– Vi har jobba med å frigjere to personar som sat fast i bilane, og dei er no frigjort, seier Sindre Kongshaug operasjonsleiar ved 110-sentralen til NRK i 16.40-tida.

Ifølgje 110-sentralen skal det ikkje vere fleire som sit fast i bilane.

Trafikkulukke Reiakvam

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL