Kritisk skadd etter alvorleg valdssak i Ørskog

Ein mann er sikta for grov kroppsskade mot to personar i familien sin i Ørskog. Tilstanden for ei kvinne er kritisk.

Valdsepisode på Apalset i Ørskog

Politiet fekk melding om hendinga like før 13.30 søndag.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Politiet fekk melding om hendinga i Ørskog på Sunnmøre klokka 13.23 søndag. Ein mann i 30-åra er sikta for grov kroppsskade etter valdsepisoden i ein privat bustad. Det var den sikta mannen som sjølv ringde til politiet.

Politiet fann to skadde personar i huset, ein mann og ei kvinne.

– Situasjonen for den eine er kritisk, seier politiadvokat Arnt Erik Oust klokka 18.30.

Vedkomande vart flogen til St. Olavs hospital i Trondheim med ambulansehelikopter like før klokka 15. Den andre personen har fått mindre skadar og blei sendt til Ålesund sjukehus.

Arnt-Erik Oust

Politiadvokat Arnt Erik Oust seier at det er ein familierelasjon mellom den sikta mannen og dei to skadde.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Er i familie

Det er ein familierelasjon mellom offera og den sikta, men Oust vil ikkje utdjupe nærare.

Kan det bli aktuelt å utvide siktinga?

– Det er det for tidleg å svare på. Vi får heller komme tilbake når vi har resultatet frå legane på skadeomfanget, seier Oust. Han vil ikkje seie kva slags skade personane har fått.

Den sikta mannen vart pågripen utan dramatikk, då han gjekk langs vegen nokre kilometer frå bustaden.

Måndag blir det vurdert om mannen skal varetektsfengslast. Forsvarer for mannen er Torgeir Langva. Han seier til NRK at han såvidt har fått prata med klienten sin og han vil førebels ikkje uttale seg om saka.

Krimteknikarar på åstaden

Politiet har gjort sporsikringar på den sikta mannen. Åstaden er sperra av og krimteknikarar er i gang med arbeidet sitt.

Det er sett inn alt tilgjengeleg personell for å gjere teknisk og taktisk etterforsking søndag kveld.

Politiadvokat Oust seier det er for tidleg å seie noko om kvifor valdsepisoden starta.

– Vi skal ta avhøyr og då forhåpentlegvis finne ut kva som var årsaka til episoden, seier Oust. Han vil ikkje svare på om det er funne våpen.

Kriseteam på plass

Kommunen har etablert det psykososiale helseteamet sitt som skal handtere kriser.

Dei fylgjer opp annan nær slekt enn dei som var involverte, ifylgje ordføraren i Ørskog, Knut Helge Harstad.

– Det er trist og alvorleg det som har skjedd, seier ordføraren.

Laster kart, vennligst vent...

Hendinga skjedde i Ørskog på Sunnmøre.